Kunst Pluss vert distribuert gratis til alle styremedlemmer i kunstforeiningane, og bidreg dermed til oppdatering og kompetanseheving for alle tillitsvalde. Kulturavdelingar i kommunar med kunstforeiningar, samarbeidspartnarar, kunst- og kulturinstitusjonar og presse mottek også tidsskriftet. Kunst Pluss er også til sals i utvalde Narvesen-kioskar over heile landet.

Abonnement

Kunst Pluss har ikkje abonnement for enkeltpersonar, men kunstforeiningar kan teikne kollektivt abonnement for medlemmene sine. Kunstforeininga sender då inn adresselister, og er ansvarlege for krevje inn betaling frå medlemmene. Bladet vert sendt direkte i posten til kvar enkelt abonnent. Eit årsabonnementet kostar 150 kroner per medlem.

For meir informasjon om kollektivt abonnement, eller dersom ikkje styremedlemmene mottek bladet, ta kontakt på post@kunstforeninger.no.

Annonsering

Vi har gunstige prisar på annonsering i Kunst Pluss. Annonsane vert trykt i fire fargar. Kunst Pluss kjem ut i eit opplag på 2300 eksemplar, har 52 sider og formatet er 27 cm x 21 cm.

Ta kontakt med redaktør Sten Nilsen på 22 42 20 35 eller sten.nilsen@kunstforeninger.no for eit godt tilbod på annonseringspakkar!

Annonseprisar 2018

  • 1/1 side kr. 6400,-
  • 1/1 bakside kr. 8000,-
  • 1/1 innside av forsida/baksida kr. 7200,-
  • 2/1 side (oppslag) kr. 12.800,-
  • 1/2 side, ståande/liggjande kr. 3200,-

 

Utgjevingsplan 2018

Utgåve Utgjevingsdato Annonsefrist
1 / 2018 1. mars 1. februar
2 / 2018 1. juni 1. mai
3 / 2018 1. november 1. oktober