I dag er 17 kunstforeninger i Trøndelag medlemmer i Norske Kunstforeninger. Illustrasjon: Norske Kunstforeninger, CC BY-SA 4.0 / https://creativecommons.org/licenses/by-sa/4.0. Basert på «Kart over Trøndelag fylke i Noreg» av Bjarkan, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons.

24. oktober vart Trøndelag Fylkeskunstforening etablert, etter at stiftingsmøtet hadde vore utsett sidan mars. Utgangspunktet for foreininga er fylkeslaget som allereie fanst i Nord-Trøndelag. Det har no har fått nye vedtekter og nytt namn, for å femne heile fylket.

På årsmøtet vart det vedteke ein ny strategi der hovudpunkta er å drive kunstpolitisk arbeid og å utvikle ein ressursbank for kunstforeiningane i regionen. I strategien står det også at Trøndelag Fylkeskunstforening skal vere «eit talerør mot fylkeskommunen og kunne påverke politikken i fylkeskommunen med auka økonomiske tilskott til kunstforeiningane som mål». Invitasjonen til årsmøtet gjekk ut til alle kunstforeiningane i Trøndelag, og 9 av totalt 17 kunstforeiningar deltok.

To styremedlemmer er med frå det tidlegare styret, men i resten av styreverva er det nye personar på plass. Det nye styret har ikkje hatt sitt første styremøte enno, men om ikkje korona-pandemien set ein stoppar for det, vert det konstituerande styremøte 4. desember. Ragnhild Kvalø, som tidlegare har vore fylkeskultursjef i Nord-Trøndelag og no er pensjonist, vart vald til leiar i fylkeskunstforeininga.

– Hovudmålsetjinga er at vi skal klare å formilde kunst, og tilretteleggje for alle. Kunst og kultur er ein viktig dimensjon i utvikling av mennesket, seier Ragnhild Kvalø.

Den ferske styreleiaren er oppteken av at kunstopplevingar er viktig for helse og livskvalitet. Ho fortel at ein i fleire år har hatt med spørsmål om kultur i den store helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT), og i denne forskinga ser ein tydeleg at kunst påverkar helsa positivt.

Ragnhild Kvalø er ny styreleiar Trøndelag Fylkeskunstforening. Foto: Privat

Skal femne spennet i kunstforeiningsnettverket

Tidlegare vart alle kunstforeiningar automatisk var medlemmer i fylkeskunstlag, i fylka der det fanst. Men etter vedtektsendringar vedteke på årsmøtet til Norske Kunstforeninger i 2019, er medlemskap i fylkeslaget no frivillig. Dermed vert det opp til kvar enkelt kunstforeining å vurdere om dei ynskjer å vere medlem.

For å tilpasse seg vedtektsendringane og den nye fylkesstrukturen, vart det i Trøndelag sett ned ei eiga arbeidsgruppe som fekk i mandat å gjere naudsynte endringar for å sikre vidareføring av eit fylkeslag i Trøndelag.

– Utover dei ni kunstforeiningane som møtte på årsmøtet, er det enno ikkje gjort noka kartlegging av kva foreiningar som ynskjer å vere med. Det var truleg dei mest aktive som deltok på årsmøtet. Men eg er glad for at vi har eit styre samansett av representantar frå nesten heile Trøndelag – vi manglar pr i dag berre Namdalsregionen.

Kunstforeiningane i Noreg har svært ulike føresetnader, dei fleste driv all aktivitet med frivillig arbeid, medan nokre har tilsette og heilårleg drift. I Trøndelag er det to av kunstforeiningane som har tilsette, og det er eit stort spenn i korleis dei ulike foreiningane arbeider.

– Har du tankar om korleis fylkeslaget kan arbeide på ein måte som kjem alle dei ulike organisasjonane til gode?

– Det er kjempespennande. Kulturlivet består av konglomerat av frivillige, der nokre har skaffa økonomi til å tilsetje gode fagfolk. Med tilsette kjem nye spelereglar, som ein må forstå for å lukkast. Men for ein fylkesorganisasjon vert det viktig å ha dialog med alle dei lokale, dei har bruk for kompetanse og gode nettverk. Det er kjempeviktig at vi klarer å utvikle ein samhandlingskultur.

– Kva ser du på som dei viktigaste oppgåvene for fylkeslaget?

– Vi skal hjelpe lokalnivået. Vi har også vårt forvaltingsnivå vi skal påverke. Men det er dei lokale kunstforeiningane som er dei viktige, vi må utvikle gode nettverk og støtte dei på mest mogleg måte, og leggje til rette for ein god samarbeidskultur, det er målsetjinga.

Vil utfordre måten ein formidlar kunst på

Som tidlegare fylkeskultursjef i Nord-Trøndelag, har Ragnhild Kvalø god kjennskap til kulturlivet i Trøndelag. Ho fortel at ho har vore kunstforeiningsmedlem og har gått mykje på kunstutstillingar, men at ho ikkje tidlegare har vore involvert i styrearbeid eller frivillig arbeid i ei kunstforeining.

– Kva trur du bakgrunnen din vil ha å seie for korleis du vil arbeide som styreleiar?

– Det får tida vise, men ved å kome utanfrå og vere samfunnsvitar, er det lettare å kunne stille spørsmål ved måten ein formidlar kunst på, i staden for å berre gå inn i ein eksisterande kultur. Alle kunstuttrykk har sitt eige språk, organisasjonskultur og særpreg og – det er viktig. Slik sett vil ein nå dei som allereie er interessert, men ønskjer ein å nå breiare vil det vere viktig å sjå på om særpreget kan vere ein barriere for dei som ikkje kan kutymen. Eg har gjennom mitt arbeid faktisk sett at tradisjonen med opning av kunstutstillingar med stettglass m.v ( som er særs triveleg) , kan vere utrygt og vanskeleg for dei som ikkje kjennar denne kutymen. Dersom ein ynskjer å nå fleire, vil det vere viktig å tenkje over korleis ein formidlar sine eigne kulturuttrykk og kunne gje nye ein tryggleik saman med dei «gamle». Dei fleste av oss er slik skapt at vi held oss bort frå dei arena vi ikkje er trygge i.

Framtida under ein pandemi

Som kunstforeiningane i resten av Noreg, har naturleg nok både dei lokale kunstforeiningane og fylkeslaget merka konsekvensane av korona-pandemien.

– Kunst og kultur vert utvikla i møte med menneske – det er utfordrande i desse koronatider. Sjølv om kunstforeiningar med gode smittevernsrutinar fint kan halde utstillingar opne også under pandemien. Men trur nok ein del likevel er redde for å møte folk, og oppmodinga frå statsministeren var då også at ein skulle halde seg heime.

Kvalø spekulerer i om ein kanskje eigentleg burde sjå ei oppbløming av aktiviteten i kunstforeiningane no, sidan dette er ein fritidsaktivitet som framleis kan gjennomførast i tråd med smittevernsreglar, i motsetnad til fotball og andre kontaktidrettar.

– Eg håper vi kan få til fysiske samlingar etter kvart. Fylkeskunstforeininga er ikkje etablert på digitale plattformar enno, så det må vi ta tak i. Men eg håper inderleg for kulturlivet, at det kjem i gang att i løpet av første halvår 2021. Då trur eg det vert lettare å møtast.

Styreleiaren ynskjer elles å samarbeide med Norske Kunstforeninger sentralt, om ei godt tilbod til kunstforeiningane i Trøndelag.

– Ved å til dømes samarbeide om kurs, kan vi stimulere dei lokale kunstforeiningane. Vi må samkøyre ressursar for å nå flest mogleg. Dei viktigaste i dette arbeidet er dei lokale kunstforeiningane – det er i kommunane folk bur.