Årets jury: Elena Pérez, Kalle Eriksson, Kristine Fornes og Trond Rørvik.

Norske Kunstforeninger har sidan 2010 delt ut ein debutantpris på Høstutstillingen. 8. september var juryen på plass for å vurdere kven av årets debutantar som fortener Norske Kunstforeningers debutantpris 2017.

Norske Kunstforeningers debutantpris er på 50 000 kroner, vert årleg delt ut til ein kunstnar som er debutant på Høstutstillingen. Formålet med prisen på er å synleggjere og løfte fram yngre, uetablerte samtidskunstnarar i Noreg. Prisen set også søkjelys på det viktige samspelet mellom samtidskunstnarar og kunstforeiningar. Ofte fungerer nettopp dei 162 kunstforeiningane i landet, som eit springbrett for unge kunstnarar, og saman gjer dei ny kunst tilgjengeleg for publikum over heile Noreg.

Høstutstillingen er blant dei største scenene for samtidskunst i Noreg. Sidan utstillinga opna dørene for første gong i 1882, har den vore elska og hata, og ein magnet for kunstnarar, kritikarar og publikum. Kvart år er om lag 25 000 publikummarar innom utstillinga. I 2017 kom det inn over 2000 søknader, og av desse har den nasjonale juryen valt ut 88 kunstnarar/kunstnargrupper til å delta på Høstutstillingen.

I 2017 består juryen for Norske Kunstforeningers debutantpris av:

  • Kalle Eriksson, styremedlem, Norske Kunstforeninger
  • Elena Pérez, daglig/kunstnerisk leder, Trondhjems Kunstforening
  • Trond Rørvik, styreleder, Sandnes Kunstforening
  • Kristine Fornes, jurymedlem, Den Nasjonale Jury 2017, Statens Kunstutstilling – Høstutstillingen

Norske Kunstforeningers debutantpris vert overrekt under den offisielle opninga av Høstutstillingen laurdag 16. september.

Tidlegare prisvinnarar: