Breath av Eva Bakkeslett var eitt av tre verk som vart vist i videoprogrammet frå Høstutstillingen 2016.

For femte år på rad får kunstforeiningane moglegheit til å vise rykande fersk videokunst frå Høstutstillingen. I fjor viste 20 kunstforeiningar video-programmet, som er eit samarbeid mellom Norske Kunstforeninger og Høstutstillingen.

Statens Kunstutstilling – Høstutstillingen opna dørene for første gong i 1882, og sidan har utstillinga vore omdiskutert, elska og hata. Høstutstillingen har som mål å vise kva som rører seg i norsk samtidskunst, og trekkjer kvart år eit stort publikum. Alle kan søkje om å stille ut på Høstutstillingen, og deltakarane vert plukka ut av ein fagjury. Sidan 2013 har Høstutstillingen gjort eit utval av videoverka frå utstillinga, som vert sendt på turné i kunstforeiningane. Samarbeidet bidreg til at Høstutstillingen vert ei nasjonal utstilling, ikkje berre for kunstnarane som deltek, men også for publikum som kan sjå kunsten der dei bur.

Meir informasjon: www.hostutstillingen.no

Variert uttrykk og lengde

Videokunsten er mangfaldig i uttrykk, teknikk og tema. Lengda på verka varierer, dei kan fragmentariske, forteljande eller dokumentariske, i low tech- eller kinofilmkvalitet, humoristiske, samfunnskritiske og poetiske. I fjor sendte Høstutstillingen tre videoverk på til saman 40 minutt på turné, medan det tidlegare år også har vore mange korte filmar sett saman til eit program på om lag ein time. Fordi juryeringa av Høstutstillingen ikkje er ferdig, vil formatet på programmet for i år ikkje verte avklart før i august.

Sidan ikkje alle er like vande med video som kunstnarisk uttrykk, kan det vere lurt å knyte ulike typar formidlingstiltak opp til visinga. Det kan til dømes vere føredrag om videokunst eller formidlingsopplegg for skuleklassar. Kanskje kan dette også vere ei moglegheit til å nå eit ungt publikum; fordi ungdom bruker video dagleg på ulike plattformar, kan dei oppleve video som meir tilgjengeleg enn andre kunstuttrykk. Videoprogrammet eignar seg best for formidling for elevar frå ungdomsskular og vidaregåande skular. Med utstillingane følgjer ei lærarrettleiing, som gjev innfallsvinklar til formidling av videoverka.

Praktisk informasjon

Høstutstillingen vert vist på Kunstnernes Hus i perioden 16. september–15. oktober 2017. Visingsperioden for videoprogrammet kan difor tidlegast byrje 16. september, men kan vere når ein måtte ynskje hausten 2017 eller våren 2018.
 
Kunstforeiningane som vert valt ut til å vise programmet får tilsendt ferdig redigerte videoprogram, digitalt materiell (plakat, lærarrettleiing og infohefte om videokunst, verka og kunstnarane. Kunstforeiningane må sjølve stille med passande visingsutstyr (projektor, DVD-avspelar, høgtalarar etc.). Det er kostnadsfritt for kunstforeiningane å vise videokunst frå Høstutstillingen. Dersom ein planlegg spesielle formidlingstiltak, kan ein eventuelt søkje om prosjektstønad innanfor dei vanlege fristane til Norske Kunstforeninger. Kunstforeiningar som viser videoprogrammet, er pliktige til å sende oss ei kort evaluering i etterkant av visinga, rapportskjema vert sendt ut.

Høstutstillingen vil i samarbeid med Norske Kunstforeninger velje ut kva kunstforeiningar som får vise videoprogrammet.

Fyll ut og sendt inn søknadsskjemaet til post@kunstforeninger.no eller til Norske Kunstforeninger, Postboks 477 Sentrum, 0105 Oslo.

Innsendingsfrist: 17. august 2017

 

Påmelding til videoprogram frå Høstutstillingen 2017