Opphavsrett til kunstverk | Norske Kunstforeninger:

Opphavsrett til kunstverk

 

Kunstverk er verna av åndsverkslova, og fotografi av kunstverk kan difor ikkje nyttast fritt. Personen som skaper eit kunstverk har opphavsrett ut si levetid, og verket er i tillegg verna 70 år etter utgangen dødsåret til opphavspersonen.

I samband med utstillingar bør ein avtale med kunstnaren kva bilete som fritt kan nyttast i promoteringa av utstillinga (på plakatar, som pressebilete, på nettsider).

Kunstnaren skal alltid krediterast når kunstverket vert publisert.

Fri bruk ved nyhende

Kunstverk kan nyttast fritt i aviser, tidsskrift og kringkasting ved omtale av ei dagshending:

Føresetnaden er at nyhenda  er om det konkrete verket som vert gjeve att til dømes omtale av ei komande/pågåande utstilling, tjuveri av verk etc.

Kunstverk eller fotografisk verk kan dessutan gjevast att fritt i aviser, tidsskrift, kringkasting, film og i bøker dersom verket utgjer ein del av bakgrunnen eller på annan måte spelar ei underordna rolle i samanhengen.

Sitat frå nettsidene til BONO.

Dersom ein vil publisere bilete av eit kunstverk i ein annan samanheng enn dette har opphavspersonen rett på vederlag. Dersom kunstnaren er medlem av BONO, kan ein kontakte BONO, viss ikkje må ein kontakte personen som har opphavsretten direkte.

Meir informasjon om opphavsrett finn ein på nettsidene til BONO.

Aktivitetskalender

Nyhetsbrev

Bestill nyhetsbrev fra Norske Kunstforeninger

Nyheter

22/02 11:08 Aftenposten.no:
Motvilje mot fotografier
20/02 08:51 Østlandets Blad:
Unge kunstnere
20/02 00:17 Nordland Fylkeskommune:
Reisestipend til fem kunstnere
19/02 16:29 Rana Blad.no:
Åpning uten Pushwagner
18/02 07:30 Sunnmørsposten:
Jobber gratis for UKM
18/02 04:12 Hamar Arbeiderblad:
Tavla
17/02 04:12 Hamar Arbeiderblad:
TAVLA
16/02 00:05 Tromsø By:
Splittet Kjerne + Compilation
15/02 16:50 Origo.no:
Maleri, Fotografi og Video til Galleri Svae
15/02 07:13 Nytt i Uka:
Dronning Sonja stiller ut i Ålesund
14/02 11:13 Jazzinorge.no:
Festivalutstillar Vossa Jazz
12/02 10:00 NRK.no:
Kanskje ikke akkurat til julebordet
12/02 09:11 iTromso.no:
Gjør noe hyggelig sammen!
10/02 21:15 Harstad Tidende:
Veteran med pensel
10/02 15:46 Radio Folgefonn:
Elin Brissman årets festivalutstillar

Norske Kunstforeninger - Kongens gate 2, 5. etasje - Postboks 477 Sentrum - 0105 OSLO - Tlf: 22 42 20 35 - Faks: 22 41 61 77