Korleis påverkar globaliseringa kunsten i ulike land og byar? Mistar vi noko av det særeigne når kunstmarknaden vert internasjonal? Det særeigne ved kunsten i ulike storbyar i verda vert undersøkt i ein serie av videoprogram, som kunstforeiningane får tilbod om å vise.

Kva innverknad stad og kultur har på kunsten, er utgangspunktet for dette videoprogrammet frå ulike storbyar i verda. Målet er at dei utvalde videoverka skal skape forståing for dei særtrekka ved kunsten som er avhengig av kvar i verda kunstproduksjonen har sitt opphav. Serien Cities of the World kan sjåast som eit råmateriale for ei undersøking av forholdet mellom stad og persepsjon, og dei geopolitiske aspekta ved kunsten.

Norske Kunstforeninger tilbyr kunstforeiningane å vise Cities of the World, i samarbeid med Atopia. Atopia, er eit kunstnardrive galleri og senter for eksperimentell film og videokunst, og dei har produsert programserien. På kvar utstillingsstad vil videokunstnar og prosjektleiar i Atopia, Farhad Kalantary, halde ein 20 minutt lang introduksjon til utstillinga. I etterkant av introduksjonen vil det vere ope for spørsmål og diskusjon.

Spørsmål om utstillingsserien Cities of the World kan rettast til prosjektansvarleg Sten Nilsen på sten.nilsen@kunstforeninger.no eller telefon 22 42 20 35.

Videokunst frå Teheran

Første by ut i serien med videoprogram er Teheran. Den New York-baserte litauiske kuratoren Sandra Skurvida har stått for utveljinga av videoverka til iranske kunstnarar. Kunsten frå Teheran vert dermed filtrert av eit utanfor-blikk i fleire lag.

Ifølgje kurator Sandra Skurvida står iranske videokunstnarar langt friare enn spelefilmregissørar i val av tema, innspelingsstad og verkemiddel. Grunna det politiske regimet i Iran er det strenge reglar for kva ytringar og handlingar som er tolererte i det offentlege rom. Dette gjer at kunsten ofte trekkjer seg vekk frå det offentlege. Når kunsten ikkje vert vist for eit stort publikum, vert det lettare å omgå sensuren.

– Som eit resultat av restriksjonane vender ofte kunsten seg innover, til visingsstader i det private rom, der ein er fri frå overvaking. Det finst likevel kunstnarar som tek kunsten ut i det offentlege rom, og gjennomfører performancar og intervensjonar, og slik aktivt trassar forboda.

Når kunstnarar bryt dei strenge reguleringane av det offentlege rom, og tilfører sin personlege synsvinkel, kan dei potensielt vere med på å endre desse reglane, meiner Skurvida. Dei utvalde videoane frå Teheran tek mellom anna opp tema som kunstnarisk sensur, forureining, ulovlege kunstnariske intervensjonar og farane ved offentleg transport for kvinner. Videoverka gjev eit mangefasettert samtidsbilete av Teheran, sett frå kunstnarane sin subjektive ståstad.

– Kunstnarar konstruerer biletbruken sin av fragment og bitar med informasjon, gjennom utval og samanstilling; slik vi som publikum legg til våre eigne tolkingar og erfaringar og dermed omskaper verket.

Skurvida nemner spesielt Kamran Shirdel sine dokumentarfilmar frå perioden 1965–1980 som ein filmatisk innfallsport til programmet, som gjev både historisk og stilistisk gjenklang i dagens videoproduksjon. Shirdel kritiserte sosiale problem som fattigdom, analfabetisme, prostitusjon og slaveri, og dokumentarane hans vart forbodne og lovleggjort alt etter kva som passa det til eit kvar tid sitjande regimet. Desse svingingane av relevans og kva som er tillate i eit skiftande politisk klima, meiner Skurvida set eit historisk eksempel for sosialt engasjerte kunstnarar som arbeider i Iran i dag.

Kunstnarar og verk

  • Shirin Mozaffari: Someone Else’s Project / 4:39 min. / 2012
  • Jinoos Taghizadeh: For Forough / 6:48 min. / 2004
  • Negar Tahsili: Wee-men or Women?! / 26:00 min. / 2008
  • 
Neda Razavipour og Rambod Vala: Hushhh! / 1:05 min. / 2011
  • Simin Keramati: Tehran 2011 / 0:51 min. / 2011
Tehran 2010 / 2:56 min. / 2010
  • Rosita Sharafjahan: Hurrah / 3:51 min. / 2006
  • Neda Zarfsaz: Zoom-in / 5:58 min. / 2010

Utstillingsturné

  • 08.01–07.02.2016: Haugesund Kunstforening
  • 12.03.–10.04.2016: Heimdal Kunstforening
  • 20.05.–28.05.2016: Vadsø Kunstforening

Stillbilete frå Marco Wey, Cet été, 2009

Videokunst frå São Paulo

Videoarbeida i programmet frå São Paulo, har ein innfallsvinkel der sjølve videomediet og eksperimenteringa rundt bilete og lyd står i fokus. Programmet består av syv videoarbeid laga i perioden 1997-2009. I likskap med videoprogrammet frå Teheran, har videoane i São Paulo-programmet, eit lokalt «blikk» ved at dei har vorte laga av kunstnarar som bur i byen som er utgangspunkt for videoprogrammet.

Michel Pavlou har kuratert programmet. Han kjem opphavleg frå Hellas, studerte og jobba i mange år i Frankrike, og har no Oslo og Brussel som base.

Kunstnarar og verk

  • Lucas Bambozzi: Just There: A Place I Do Not Know / 5:40 min /1997
  • Raimo Benedetti: Opus 11 / 5 min / 2002
  • São Paulo Portraits / 7 min / 2001
  • César Meneghetti: Nobody’s land / 7 min / 2010
  • Adams Carvalho & Olívia Brenga: 02. residential complex / 5 min / 2005
  • Alê Abreu: Passo / 3:40 min / 2007
  • Marco Wey: Cet été / 3:20 min., 2009
  • Kika Nicolela: Crossing / 9 min / 2003

Utstillingsturné

  • 08.01–07.02.2016: Haugesund Kunstforening
  • 12.03.–10.04.2016: Heimdal Kunstforening
  • 20.05.–28.05.2016: Vadsø Kunstforening