Norske Kunstforeningers debutantpris på 50 000 kroner vert årleg delt ut til ein debutant på Statens Kunstutstilling – Høstutstillingen. Formålet med prisen er å løfte fram og synleggjere yngre, uetablerte samtidskunstnarar i Noreg. Prisen set også søkjelys på det viktige samspelet mellom samtidskunstnarar og kunstforeiningar. Ofte fungerer nettopp kunstforeiningane som eit springbrett for unge kunstnarar, og saman gjer dei ny kunst tilgjengeleg for publikum over heile Noreg.

Prisen vart for første gong delt ut i 2010, og vart i perioden 2011–2014 delt ut i samarbeid med NorgesGruppen. I tillegg til prisen har prisvinnarane til og med 2015 fått moglegheit til å vise ei separatutstilling i eit utval kunstforeiningar rundt om i landet. Det vart også laga ein katalog til utstillinga, og arrangert kunstnarsamtalar på utstillingsstadene. Grunna fråfall av sponsormidlar, er utstillingsturneen inntil vidare lagt på is.