Gunvor Nervold Antonsen si utstilling Selvportrett uten briller vart vist i fem kunstforeiningar rundt om i Noreg. Utstillinga var ei oppsummering av heile det kunstnariske universet til Gunvor Nervold Antonsen.

Gunvor Nervold Antonsen vart tildelt Norske Kunstforeningers Pris / Debutantprisen Høstutstillingen i 2010 for tekstilverket Barovessjan. I samarbeid med Norske Kunstforeninger har ho sett saman separatutstillinga Selvportrett uten briller, som var på turné i kunstforeiningane.

Separatutstillinga har tittelen Selvportrett uten briller. Inspirasjonen til tittelen kjem frå ei tom ramme merka «Selvportrett med briller 1920».

Eg jobbar ikkje strategisk i kunsten. Eg er meir ein slik som går fem på. Som ein okse med raudklut framfor auga. I tillegg er eg veldig nærsynt. Og eg meiner ein må tore å måle utan briller. Våge å ta sjansar og la det stå til, miste kontrollen og rave rundt, køyre inn på ukjende veger og sjå kvar ein hamnar, seier Gunvor Nervold Antonsen.

Utstillinga vert ifølgje henne sjølv ei slags oppsummering, eller eit forsøk på å samle det kunstnariske universet hennar.

 

Hva Bruno vet, Gunvor Nervold Antonsen

Gunvor Nervold Antonsen (f. 1974) er utdanna ved tekstilseksjonen ved Kunsthøgskolen i Bergen, noko som er tydeleg i det materielle, det fysiske og det taktile i kunsten hennar. Fleire av verka hennar tek utgangspunkt i motsetnader, antinomiar, og vore oppteken av positive og negative former. Ho blandar måleri med det tredimensjonale og det stofflege. Arbeida har lag på lag, med papir, stoff, oljemåling og spray.

I grunngjevinga til juryen for debutantprisen 2010, heitte det mellom anna:

Den fysiske innfallsvinkel til verket oppleves gjennom den glødende lekenhet, intuitive handling og ekspressive utrykk i tilnærmingen; «den materielle oversettelsen av den intuitive handling og tanke» – til det rå upreparerte lerret. Med sin personlige stemme og energi i arbeidet demonstrerer Gunvor Nervold Antonsen en overbevisende vilje til å tematisk videreutvikle normerte og til dels tradisjonstunge håndverksteknikker i et samtidig utrykk, presentasjonsform og identitet.

Utstillingsturné

Larvik Kunstforening 15. oktober–6. november 2011
Trondhjems Kunstforening 28. februar–25. mars 2012
Kristiansund Kunsttforening 12. mai–3. juni 2012
Bodø Kunstforening 8. august 2012–2. september 2012
Lillesand Kunstforening 6.–21. oktober 2012

Blå, Gunvor Nervold Antonsen

Lenker: