Gjennom sterke og personlege videoverk fortel Serhed Waledkhani historia om sin eigen familie, og om lengselen etter heimlandet han aldri har sett med eigne auge.

Serhed Waledkhani vart tildelt Norske Kunstforeningers debutantpris i samarbeid med NorgesGruppen på Høstutstillingen 2011, for animasjonsfilmen Flukt. Separatutstillinga som er sett saman i samarbeid med Norske Kunstforeninger skal besøkje fem utvalde kunstforeiningar og kunstlag.

Videoverket Flukt byrjar med at Serhed Waledkhani går fram og tilbake framfor eit blankt ark. Han byrjar å teikne på arket og går etter kvart inn i si eiga teikning med ei dokumentmappe i handa. Frå no av følgjer vi historia til Waledkhani sin familie i teikningar. Vi ser korleis dei flyktar frå forfølging i Iran, til Nord-Irak, der dei bur i telt, før dei vert tekne til fange og sendt til flyktingleiren Al-Tash i Sør-Irak.

Kvar enkelt scene er laga med utgangspunkt i same teikning, før neste scene byrjar på eit nytt ark, med ei ny teikning. Kolteikningane vert viska ut, og teikna over og glir over i nye teikningar. Teikningane set spor etter seg, og som andre erfaringar forsvinn dei aldri heilt. Teiknestilen er manande og ekspressiv, med poetiske og melankolske innslag.

Stillbilete frå videoen Flukt, Serhed Waledkhani

Flukt er motivert av hans eigen lengsel etter å reise til Kurdistan, landområdet foreldra hans kjem frå, men som han sjølv aldri har sett, fordi han er fødd i flyktningleiren. Sjølv om verket tematiserer kurdarane si historie er ikkje Flukt meint som eit innlegg i den politiske debatten – kunstnaren ynskjer først og fremst og fortelje si eiga historie.

Med på utstillinga er også eit nytt videoverk, Land til land, by til by, hjem til hjem, som både tematisk og stilistisk er eit framhald av Flukt. Animasjonen Land til land, by til by, hjem til hjem er teikna på ein papirrull på 10 meter, i korrekt kronologi. Papiret er montert på to rullar, slik at handlinga kan sveiast fram og tilbake, til ei animert forteljing som er glidande, utan synlege kutt.

Serhed Waledkhani (f. 1989) kom til Noreg som sjuåring i 1996, og har sidan budd i Fauske, Fredrikstad og Bærum. Han har gått på Fabrikken Asker Kunstfagskole og er no student ved Kunstakademiet i Trondheim.

Utstillinga er produsert av Norske Kunstforeninger, og består av tre videoverk, måleri, skissebøker og ein skulptur. Prisen og utstillingsturneen var støtta av NorgesGruppen.

Utstillingsturné

Sandefjord Kunstforening 11. august–9. september 2012
Bømlo Kunstlag 6.–16. oktober 2012
Fauske Kunstforening 1.–7. februar 2013
Heimdal Kunstforening 23. februar–17. mars 2013
Fredrikstad Kunstforening 1.–23. juni 2013

Hvilken vei skal vi gå?, skulptur og video, Serhed Waledkhani