Kunstforeiningar kan motta programvare frå TechSoup, som kan gjere drifta meir effektiv. Ein får programma og tenestene anten gratis eller til sterkt redusert pris. Dette er mogleg fordi store firma som Microsoft, Adobe og Google har gjeve dette som ein donasjon til frivillige organisasjonar.

Sidan 2014 har frivillige organisasjonar spart fleire millionar kroner samanlikna med å kjøpe programvare til fullpris. Organisasjonane får ein kraftig rabattert pris på Office-pakken (Word, Outlook, Excel, PowerPoint etc.), Windows frå Microsoft, virusprogram frå Bitdefender og Symantec/Norton, Adobe Creative Cloud og analyse- og presentasjonsprogram frå SAP.

Registrer kunstforeininga hos TechSoup

For at kunstforeininga skal kunne motta donert programvare må organisasjonen vere registrert i Frivillighetsregisteret i Brønnøysundsregistrene. For å få tilgang til programvare må ein deretter registrere seg på www.techsoup.no. Når ein er godkjent av TechSoup, vil ein få melding om kva type programvare ein kan motta. Deretter kan kunstforeininga bestille programma ein ynskjer frå nettsida til TechSoup.

Registrer kunstforeininga på TechSoup: www.techsoup.no
Meir informasjon: www.techsoup.no

Gratis nettbaserte løysingar for e-post, samarbeid og fildeling

I tillegg til programvare som ein installerer på datamaskinen, kan frivillige organisasjonar få tilgang to heilt gratis nettbaserte løysingar. Desse gjer det lett å dele filer og samarbeide med andre i kunstforeininga. Så lenge ein har internett-tilgang vil alle filer og e-postar vere tilgjengeleg same kvar ein er, og det fungerer uavhengig av om ein bruker Mac, PC, nettbrett eller mobil. Har ein frå før eit domene med e-postadresser, kan ein kople dette til desse tenestene. Merk at ein bestiller Microsoft Office 365 Nonprofit E1 og Google for ideelle organisasjonar direkte frå leverandøren, men først treng ein godkjenningskode frå TechSoup (TechSoup Validation Token) til bruk i registreringa.

  • Microsoft Office 365 Nonprofit E1 er ei løysing med web-versjonar av programma Word, Outlook, Excel, etc., med lagring i ein sky-funksjonen OneDrive. Les meir: Microsoft Office 365 Nonprofit E1
  • Google for ideelle organisasjonar er ein oppgradert versjon av tenester som Gmail, Dokumenter, Regneark, Kalender, Skjema/undersøkingar og Google Drive. I tillegg får moglegheit til gratis AdWords-annonsering og premiumtilgang til YouTube. Les meir: Google for ideelle organisasjonar

Billegare tilgang til Adobe Creative Cloud

Frivillige foreiningar kan også få sterkt rabatterte abonnement på Adobe Creative Cloud. Abonnementet gjev tilgang til dei nyaste utgåvene av mellom anna Photoshop (fotoredigering), InDesign (produksjon av trykksaker), Illustrator, Premiere (filmredigering). Ved bestilling gjennom TechSoup får ein 60 % avslag på vanleg pris det første året, og deretter 40 % avslag i året. Merk at ein berre har tilgang til programma så lenge ein abonnerer.

Les meir: Adobe Creative Cloud

Korleis fungerer TechSoup?

TechSoup får donert IT-produkt frå kjente leverandørar og formidlar desse til ideelle organisasjonar og stiftingar mot ei lita administrasjonsavgift. Avgifta varierer, men organisasjonane betaler vanlegvis 2–4 % av normalprisen til programvara. Google for ideelle organisasjonar og Microsoft Office 365 Nonprofit E1 er heilt gratis. TechSoup finst i om lag 50 land over heile verda, og vart etablert i Norge i 2014. TechSoup Norge vert drive av Frivillighet Norge. Administrasjonsavgifta går til å dekke kostnadene for administrasjonen av TechSoup.

Ver merksam på at programvara ein får tilgang til berre kan nyttast av tilsette i kunstforeininga, eller av styremedlemmer og andre med sentrale funksjonar i organisasjonen. Ein vil altså ikkje kunne vidaredistribuere programvara til vanlege medlemmer i foreininga.

Dersom ein er i tvil om kva programvare som best passar dei behova ein har, kan ein kontakte TechSoup for å hjelp til å velje rett. Send e-post til techsoup@techsoup.no for meir informasjon.