Registrering og informasjon: www.norsk-tipping.no/grasrotandelen
Vervetips: www.norsk-tipping.no/artikler/vervetips-for-grasrotandelen

Grasrotandelen til Norsk Tipping kan gje ei fin ekstrainntekt til kunstforeiningar og kunstlag. Alle registrerte spelarar hjå Norsk Tipping kan velje ei frivillig foreining som mottek inntil sju prosent av spelarinnsatsen. Det vil seie at når nokon speler Lotto for hundre kroner, får kunstlaget sju kroner.

Dersom laget er flinke til å verve spelarar, kan det vere snakk om tusenvis av kroner i løpet av eitt år. Norsk Tipping har utarbeidd gratis vervemateriell de kan bruke til å kapre givarar.

For å kunne motta pengar frå Grasrotandelen, må kunstlaget vere registrert i Frivillighetsregisteret og godkjent som grasrotmottakar. Pengane frå Grasrotandelen vert overført til laget tre gonger i året, i januar, mai og september.