Dei fleste frivillige organisasjonar er avhengige av å søkje om stønad til ulike arrangement, prosjekt og aktivitetar. Sidan det ofte er mange om beinet, er det viktig å kunne skrive ein god og poengtert søknad.

For det første gjeld det å finne den rette fondet eller institusjonen å søkje om pengar til det aktuelle prosjektet. Det er ikkje vits i å søkje om pengar dersom ein ikkje oppfyller retningslinjene. Det heller er ikkje nokon god idé å lyge om kva du vil gjere, berre for å tilpasse deg stønadsgivaren.

Les òg: Tips til fond og stiftingar ein kan søkje om stønad

Dei fleste institusjonar og fond har eigne søknadsskjema, bruk i så fall dei. Les retningslinjene for å søkje om pengar nøye. Dei som ikkje har søknadskjema, har i det minste ofte lista opp kva punkt søknaden må innhalde – pass på å få med alle desse. Dersom du er i tvil om noko, kan du gjerne kontakte den aktuelle institusjonen og få råd om korleis dei ynskjer at ein søknad skal sjå ut.

Her er nokre generelle tips til korleis ein søknad kan utformast:

  • Få med all kontaktinformasjon, adresse, kontaktperson, mobilnummer og e-postadresse
  • Gje aller først ein kortfatta presentasjon av prosjektet og kor mykje pengar de søkjer om.
  • Deretter ein kort presentasjon av eigen organisasjon.
  • Gje så ei litt meir utfyllande skildring av prosjektet de søkjer pengar til (men hald det så kort og presist som mogleg). Forklar kva de treng pengar til og kvifor. Gje ei god fagleg grunngjeving til kvifor dette er eit prosjekt som bør motta stønad.
  • Set opp eit budsjett med oversikt over utgifter og inntekter.
  • Til slutt ei kort oppsummering og ei linje om kvifor nettopp de bør få stønad.

Vi har laga eit døme på korleis ein kan setje opp ein søknad om stønad. Dette er sjølvsagt ingen fasit på korleis ein søknad skal vere, men kanskje kan forslaget likevel vere til hjelp.

Hugs at dei fleste institusjonar har krav om rapportering når prosjektet er gjennomført. Ofte finst det eigne skjema ein skal bruke til dette, og pass i alle høve på at de overheld fristen.