Vurderer de å stifte eit kunstlag eller ei kunstforeining der de bur? Her har vi samla nokre nyttige råd til oppstart og vidare drift.

Stiftingsmøte og vedtekter

Det første formelle ein må gjere er å halde eit stiftingsmøte for foreininga, og setje opp vedtekter. Frivillighet Norge har gode verktøy om korleis ein gjennomfører eit stiftingsmøte og kva punkt ein bør ha med i vedtektene.  https://www.frivillighetnorge.no/verktoy

Vedtektene bør til dømes innehalde namn på foreininga, formål, reglar for styresamansetjing, årsmøte, medlemskap, avvikling m.m. Det kan vere til hjelp å sjå på kva andre kunstlag har teke med i sine vedtekter:

Brønnøysundsregistrene har også laga eit eksempel på korleis stiftingsdokument og vedtekter for foreiningar kan sjå ut.

Brønnøysundregistrene: https://www.brreg.no/lag-og-foreninger/

Ver merksam på at oppløysingsparagrafen i vedtektene må spesifisere at ein annan frivillig organisasjon eller stifting (ikkje kommune eller enkeltperson) skal motta midlane ved ei eventuell oppløysing. Dette er viktig dersom de skal søkje om momskompensasjon.