Kunst Pluss vert distribuert gratis til alle styremedlemmer i kunstforeiningane, og bidreg dermed til oppdatering og kompetanseheving for alle tillitsvalde. Kulturavdelingar i kommunar med kunstforeiningar, samarbeidspartnarar, kunst- og kulturinstitusjonar og presse mottek også tidsskriftet. Kunst Pluss er også til sals i utvalde Narvesen-kioskar over heile landet.

Nokre smakebitar på artiklar frå tidsskriftet kan ein lese på nettsida vår.

Kunst Pluss mottek produksjonsstønad frå Kulturrådet og stønad frå Fritt Ord.

Abonnement

Kunst Pluss har ikkje abonnement for enkeltpersonar, men kunstforeiningar kan teikne kollektivt abonnement for medlemmene sine. Kunstforeininga sender då inn adresselister, og er ansvarlege for krevje inn betaling frå medlemmene. Bladet vert sendt direkte i posten til kvar enkelt abonnent. Eit årsabonnementet kostar 160 kroner per medlem.

For meir informasjon om kollektivt abonnement, eller dersom ikkje styremedlemmene mottek bladet, ta kontakt på post@kunstforeninger.no.

Annonsering

Vi har gunstige prisar på annonsering i Kunst Pluss. Annonsane vert trykt i fire fargar. Kunst Pluss kjem ut i eit opplag på 1700 eksemplar, har 52 sider og formatet er 27 cm x 21 cm.

Ta kontakt med Kristin Stengaard Lengard på telefon 909 99 174 eller kristin.stengaard@intercom-support.com for eit godt tilbod på annonsar!

Annonseprisar 2019

  • 1/1 side kr. 9800,-
  • 1/2 side kr. 5900,-
  • 1/4 side kr. 2900,-

Detaljert informasjon finn du i medieplanen.

 

Utgjevingsplan 2019

Utgåve Utgjevingsdato Annonsefrist
1 / 2019 1. mars 30. januar
2 / 2019 1. juni 15. april
3 / 2019 1. november 25. september