– Kvinnedagen 8. mars er kjempeviktig å markere for å setja fokus på verdiar som vert gløymde i vår marknadsliberale og seinkapitalistiske verd, seier Marta Nerhus som presenterer arbeida sine ved Kvinneutstillinga som opnar 8. mars i Stord Kunstlag.

Det er ein spesiell og lett gjenkjennbar teknikk du bruker i arbeida dine. Korleis fann du fram til den?

– Eg har jobba med streng og metalltråd i 30 år. Første gang i 3. klasse, tekstil ved Kunsthøgskolen i Bergen 1984, i vev-perioden min. Eg henta gamal hesjestreng heime i Ølve for å veva med, og vart superfascinert då eg klipte ned: Arbeidet kunne stå og formast tredimensjonalt. Etterpå har eit minne brent seg fast; måten far min skjøtte hesjestrengen, så enkelt så sterkt, og synet av hesjane, nakne eller med høy.

Etter ei tid med prøving innan maleri kom eg tilbake til det tredimensjonale, det låg så naturleg for meg, eg surra, teikna og bygde med svart gartneristreng, trong ikkje vevstol eller verktøy. Eg såg muligheita i den svarte strengen, både som strek og byggmaterial. I 2002/2003 ville eg laga ein kjole i kopartråd til eit dikt, for utstillinga mi Sentimentale Bilde, i Stord Fengsel. Då vart strikkemaskina eit godt verktøy for å laga råmaterialet. Etterpå kunne eg plutseleg jobba flatt, og arbeida mine kraup opp på veggen. Eg som aldri har kunna teikne perspektiv og slikt, laga eit materiale av kopartråd der eg kunne teikna med alle fingrane og begge hendene. For meg er denne strengsula eller snella, ein tråd, ein strek, mitt alfabet, som eg kan bruka til å seia noko om livet og mine verdiar og spørsmål, og samstundes så er det så uendeleg skjørt. Metalltråd og streng er ikkje så blautt som silke og ull.

Gjennom tekstilarbeida dine presenterer du forteljingar. Arbeider du med ulike tema frå utstilling til utstilling? Og tenkjer du utstillinga som ei heilskapleg forteljing, eller er det fleire ulike forteljingar i kvar utstilling?

– Eg presenterer ikkje berre ei forteljing. Det eg viser av kunst, er ein måte for meg å ta stilling på. Eg diktar ikkje, eg seier på min måte, noko eg meiner og brenn for set meg i gang. Men stundom kan det vera kjensler og mellommenneskelege forhold eg prøver å uttrykka. Utstillingane mine har vore heilskapelege og hatt eit klart tema, men rommet verka skal visast i, er viktig for korleis eg jobbar alt fram. Eg jobbar oftast med eit hovudtema til kvar utstilling. I utstillinga Sentimentale bilde på Stord i 2003 brukte eg heile fengselet og laga forskjellige bilde/installasjonar i kvar celle ut frå ulike litterære tekstar av Sunnhordlandsforfattarar.

Utstillinga, Folk over fjorden dei på hi sida…, Rosendal 2012, var ein kommentar til nedbygging av eldreomsorga i Kvinnherad. Eg viste då 40 portrett av folk som kunne bli ramma. Eg har og teke ulike tema inn i utstillingane, som då eg jobba fram utstillinga Heim til Bryggens Museum i Bergen 2016. Hovudfokuset mitt då var flyktningar, folkevandringar og å visa dagens flyktningar saman med norske utvandrarar til Amerika og norske flyktningar i Norge under siste verdskrig. Der fann eg òg plass for eit arbeid eg hadde ferdig og ikkje hadde vist før: Heltar frå Hardanger, som avbildar tre av aktivistane mot Monstermastane i Hardanger. Eg har vanskeleg for å laga gode arbeid om eg ikkje har noko på hjarta. Men så er det noko med å vera fri til å oppleva og å tenkja sjølv som publikummar. Der vil eg hevda og trur at det er noko med teknikken og utrykket mitt som er så skjørt og i beste fall kan nå nokre indre strenger og få kjensler og tankar i sving.

Portrett av Kim Friele, 2013, Marta Nerhus.

Avbildingar av mektige menn har tradisjonelt vore plassert på sokkel, mens i dine verk blir sterke, markante kvinner brodert. Har du gjort deg nokon tankar kring dette?

– Å, så mange menn som står rundt omkring, harde og stive, og så få kvinner som har fått sine minnesmerke. Eg har valt å bruka tid på å laga portrett av kvinner som eg synst me ikkje skal gløyma og dei me skal gjera dei unge nysgjerrige på. Eg har gjort det med mitt eige materiale og med mine eigne teknikkar. Eg håpar at eg med mine avbildingar er nærare på det skjøre livet. Dei eg har teikna med strengen min, er viktige i min forståing av meg i verda. Dei har formulert noko som er så menneskeleg, og dei har vore modige. Då eg tok initiativ til å laga utstillinga i Litteraturhuset i Bergen med opning 8. mars 2013, bestemte eg meg for å laga portrett av kvinner, forfattarar og andre som har brukt ordet, før mennene tok heile huset. Desse bilda er ikkje broderte, dei er teikna fram i det strikka kopartrådsmaterialet mitt, men eg har stundom brukt synåla for å festa dei til læret.

Du skal delta på «kvinneutstillinga» i Stord Kunstlag, ei utstilling som opnar på sjølve kvinnedagen. Kvifor er det viktig å markere kvinnedagen?

– Kvinnedagen 8. mars er kjempeviktig å markere for å setja fokus på verdiar som vert gløymde i vår marknadsliberale og seinkapitalistiske verd. Jorda vår held på å gå til helvete fordi maskuline og økonomiske verdiar har fått sett dagsorden alt for lenge. Liv og menneske er framleis ein størrelse dei «nullar», dei som har makta. Havet og jorda vår er sett i pant mot økonomisk vekst, på vegen nekta dei flyktningar, mødrer og krigsskada menneske rett til ny framtid. Vi gjev liv, tek vare på liv, og mange av oss har andre verdiar enn dei som set dagsorden og bestemmer. Vi treng å vera saman om å prøva å endra skeivheter her heime og ute i den store verda.

Så lenge skuta kan gå, 2016, Marta Nerhus. Foto: Pål Hoff

Kva for kvinnekampsaker opplever du at det framleis er verdt å kjempe for innanfor og utanfor kunstverda?

– Kan berre nemna fjorårets fredsprisvinnarar, Denis Mukwege og Nadia Murad. Det dei fortel oss om grusomheiter gjort mot kvinner. Valdtekt og vald i våre eigne gater, der gjerningsmennene går fri. Forskrudde menn som forgrip seg på barn og meskar seg med internettsex og små barn frå t.d. Thailand. Dette er forakt for liv og menneskeverd, og det er hovudsakleg kvinner som er offera. I år vert det òg viktig å forsvara abortlova når mørkemennene, med Erna Solberg si velsigning, får så tvil om kvinner si vurderingsevne i abortspørsmål. At kunstmuseum, viktige galleri, kunstkjøparar og pressa ser kva som skjer; dei fleste med kunstutdanning i Norge i dag er kvinner. Snakk om det me gjer og ikkje berre la dei store gutane få muligheiter. Det er mange kvinnekunstnarskap som har vorte oversett, og innkjøpa til musea talar sitt tydelege språk.

Kvinneutstillinga er ei årleg utstilling, som Stord Kunstlag har hatt sidan 2003. Stord Kunstlag såg at dei hadde eit mangfald av kvinnelege kunstnarar frå Stord eller i tilknyting til Stord. Det fyrste året hadde dei rundt 20 kunstnarar. Etter nokre år vart det blåse liv i Kvinnelaget, og dei knytte eit samarbeid med Tverrpolistisk forum og starta eit felles arrangement på Kvinnedagen. Det har etter kvart blitt et stort arrangement, med rundt 300 til stades på utstillingsopninga – vidare arrangement i kulturhuset og tog, konsert, appellar og mat og drikke.