– Eg ønsker ofte å skape ein vekselverknad mellom den emosjonelle dimensjonen i prosjektet og dei konseptuelle grepa eg gjer i skulpturane. Ein kan kanskje kalle det ein skulpturell dramaturgi der eg har mål om å vise kva som står på spel i prosjektet, seier Arild Våge Berge.

Fjorårets debutantprisvinnar, Arild Våge Berge, er i år aktuell med separatutstillingar i Møre og Romsdal kunstsenter og i Skiens Kunstforening, før verka hans neste år skal visast i heimbygda, i Ørsta og Volda kunstlag. Skulpturane han mottok Norske Kunstforeningers debutantpris for, er ein del av eit større prosjekt, The Gravity of a Lake Focused Into One Point. Verka han viste på Høstutstillingen i 2018 bestod av arkivmateriale frå bestefaren og restar frå demningar frå vasskraftverk på Vestlandet, der delar er pressa og haldne saman ved bruk av tvinger. Juryen omtalte skulpturane på følgjande måte: «Denne nærast brutale handlinga held, både fysisk og metaforisk, saman ei rekke motsetningsforhold. Det harde og det sarte, det subjektive og det objektive og ikkje minst kultur og natur. Kunstnaren har teke utgangspunkt i forholdet til sin eigen familie og brukar dette til å stille spørsmål ved historia, korleis vi både forstår og nyttar naturen, og pirkar samstundes i vår eiga nasjonalkjensle.»

Arbeidet ditt tek utgangspunkt i inngrep i naturen for å produsere vasskraft, men har samtidig ei sterkt personleg side. Arbeidsprosessen har teke fleire former undervegs. Kva kom først, kva var det som fekk deg til å byrje å pirke i dette materialet?

Det byrja med at eg vitja festivalen Indiefjord sommaren 2015. Den går føre seg på Bjørke der kraftverket ligg. Den gongen var det lenge sidan eg hadde sett kraftverket og Bjørke. Staden vekte kjensler og minner frå barndomen. Samstundes hadde det vorte klart at farfar hadde fått leukemi. Eg skulle og ta til på mastergraden i kunst på Kunst- og designhøgskolen i Bergen og hadde behov for å byrje med eit nytt prosjekt. Prosjektet si første fase var derfor ein kombinasjon av ei interesse for staden og landskapet, eit ønske om å kome tettare på farfaren min og ein trong til å undersøkje korleis å vere omgitt av ingeniørar i barndomen hadde forma mitt syn på naturen. Det som har halde meg oppslukt igjennom prosjektperioden, er rikdomen i materialet eg har funne i arkiv og i landskapet, minna frå barndomen og ideen om kva ei vasskraftutbygging kan bety i ein kunstnarisk og filosofisk kontekst.

Arild Våge Berge, Unstable Monuments 1, Skrutvinge, gneisfragment, dokument frå Sveinung Oddvar Berge sitt private arkiv, dokument frå Arild Våge Berge sitt private arkiv. 20×50× 20cm Foto: Vegard Kleven/NBK

Dei to skulpturane du mottok debutantprisen for er sett saman av mange delar, nokre er bokstaveleg talt tvinga saman, og detaljar er gjort utilgjengeleg for tilskodaren, medan andre delar er flyktige. Det er teikningar, fotografi, ting du har funne i felten, dokument og anna som vi kan skimte, men ikkje kan oppleve som ann enn ein heilskap. Kan du fortelje litt om dei ulike delane som utgjer arbeidet ditt?

I den første delen av prosessen er eg i høgste grad driven av intuisjon. Visse stader eller gjenstandar kjennest ut som dei er i kontakt med eit mysterium som eg igjennom mitt prosjekt vil undersøkje. Når eg har samla inn materiale, har eg derimot stor nytte av eit analytisk blikk på arkivet eg har bygd opp. Eg definerer visse ting som dokument, andre som bilete eller instrument. Deretter jobbar eg bevisst med å utfordre desse kategoriane igjennom forskjellige metodar. Eg ønsker ofte å skape ein vekselverknad mellom den emosjonelle dimensjonen i prosjektet og dei konseptuelle grepa eg gjer i skulpturane. Ein kan kanskje kalle det ein skulpturell dramaturgi der eg har mål om å vise kva som står på spel i prosjektet. Ved å tvinge noko saman, kutte ting i to, avgrense tilgangen til noko, eksponere ein sårbar kvalitet osv., vil eg la den materielle friksjonen styrke historia eg vil fortelje. Tida farfar verka i, der vasskrafta, teknikken og det moderne representerte eit opphøgd ideal, var nok fantastisk, men den er også forbi. Vi kan ikkje kalla fram att magien, og derfor er nokre av dokumenta frå denne tida låst inn og gjort utilgjengelege i skulpturane mine.

Arild Våge Berge, The Gravity of a Lake Focused Into One Point (3), 2017. Gneisfragment, stålstag bora gjennom vegg, mutterar, saltkrystallar henta ut av adkomsttunnelen til Tussa Kraftvek (november 2016), blekkutskrift på papir, 50 x 100 x 50 cm. Foto: Arild Våge Berge

Arild Våge Berge, Unstable Monument (6), 2019. Betongfragment frå Sveinung og Sigrid Berge sitt hus, saltkrystall henta ut frå Tussa Kraftverk (november 2016), skrutvinge, dokument frå Sveinung Oddvar Berge sitt private arkiv. 20 x 20 x 35 cm. Foto: Arild Våge Berge

Eit veldig tydeleg aspekt ved arbeidet, The Gravity of a Lake Focused Into One Point, er forholdet til bestefaren din, som var ingeniør og ansvarleg for utbygginga av vasskraftverket i Hjørundfjorden. Utbygginga var vanskeleg og også farleg for dei som gjorde den tyngste jobben. 11 mann døydde under utbygginga av demninga. Ingeniørteikningane på golvet— som også er basen for skulpturen din — er laga av ei blanding av tørka leire, støv bora ut av stein og restar av betongdelar frå Tussa-demninga. Teikningane er flyktige og risikerer verte viska ut og forsvinne ved det minste vindpust, som ein Mandala, eit slags symbolsk diagram. Prøver du å tvinge ingeniøren inn i ein poetisk kontekst, inn i eit arkiv eller er arbeidet eit slags fadermord?

Eg tvingar dei nok inn i ein poetisk kontekst, men brukar samtidig tekniske verkemiddel for å oppnå dette. Det handlar om maktstrukturar og maskulinitet i familien. Eg vil gjerne undersøkje det eg oppfattar som ein sårbar dimensjon som ligg som ein understraum i dei pragmatiske grepa som mennene i min familie utfører i ingeniørarbeidet sitt. Å framstille tekniske teikningar i sand på golvet synleggjer at sjølv den makta som vasskraftingeniørane har til å definere eit landskap som ein ressurs, er ubetydeleg i møte med geologiske tidsperspektiv og prosessar som gjer eit menneskeliv til eit kort bluss. Den første presentasjonen av linjeskjemaet over kraftverket var ein veldig sterk augneblink for meg, fordi det det sårbare i det å miste ein farfar først nådde overflata i det utstillinga vart opna. Eg hadde arbeidd med å presisere arbeida i to år, og det heile kulminerte i erkjenninga av at det eg hadde jobba mot, var ei samanstilling av eit arbeid som i den augneblinken det var ferdig, var dømt til å forvitre. At alle forsøka mine på oppnå fullstendig kontroll over arbeida leidde opp mot det eg kanskje hadde gøymt meg frå å kjenne på. Nemleg at farfar var borte. Så når den første personen sparka borti sandteikninga utan å vite det, så understreka det nettopp dette ugjenkallelege. Materiala blanda seg saman og kunne ikkje tilbakestillast. Det var veldig skummelt å kjenne at eg ikkje hadde kontroll, men samtidig frigjerande. Farfar var borte, og eg lærte at den einaste måten eg kunne halde fast i han på faktisk var å gi slepp.

Arild Våge Berg, Depôt, 2018. Materiale frå Sveinung og Sigrid Berge sitt hus, renoveringsmateriale. 210 x 350 cm. Foto: Arild Våge Berge

Du har gått frå å studere fotografi til å gjere arbeid som ikkje er avgrensa til eitt medium. Vart fotografiet som medium for snevert? Og korleis har prosessen frå fotografi til skulpturar vore?

Det var nok interessa for det romantisk sublime og å forstå kva eit landskap er for noko som fekk meg til å sprenge fotografiet som rammeverk. Eg gjekk frå å fotografere landskap i tradisjonell forstand, over til å manipulere landskap i postproduksjon, til ei aukande grad av iscenesetjing der eg bygde modellar av landskap. Dette gav meg fullstendig kontroll over perspektiv, storleikskjensle og rom. Modellane fotograferte eg gjerne eller stilte dei ut som skulpturar. Dette utvikla seg til ein dialektikk mellom fotografi og skulptur som har lagt grunnlaget for mitt seinare arbeid, der eg sett bilde og objekt som grunnkategoriar opp mot kvarandre. Skulpturane mine er sånn sett framleis tolkingar av landskap, sjølv om konseptet landskap framleis står som uavklart i kunstnarskapen min. Kanskje er dette noko som faktisk driv arbeidet mitt framover.

Arild Våge Berge, Storlivatn, 2015, fotografi 60 x 75 cm.

I tilknyting til arbeidet med The Gravity of a Lake Focused Into One Point, har du laga ei bok som vart gitt ut på det nystarta forlaget ditt, Topos bokforlag. Kva ønsker du med forlaget, og korleis passer det inn med det du elles arbeider med?

Forlaget er eit samarbeid mellom meg og kunstnarkollega Åsne Eldøy. Vi vil vere ein plattform for kunstnarar i etableringsfasen med ønske om å publisere bokprosjekt der tematikken dreiar seg om stadsomgrepet i ein eller annan forstand. Vi finn meining i å hjelpe andre til å utvikle kunstnarskapa sine og vil bruke bokformatet som eit eksperimentelt visingsrom for prosjekt som er knytt til ein diskurs kring Topos, som på gresk tyder stad. Vi har gitt ut tre bøker i 2018, og den første utgjevinga i 2019 er like rundt hjørnet!

Kva arbeider du med for tida? Har du nye prosjekt på gang eller utstillingsplanar?

Eg har nettopp kome tilbake frå Molde der eg opna ei soloutstilling på Møre og Romsdal kunstsenter der eg presenterte nye arbeid. I juni opnar eg soloutstilling i Skiens Kunstforening, noko eg gler meg veldig til. Og i februar 2020 vender The Gravity-prosjektet heim til Sunnmøre, då eg skal stille det ut hos Volda og Ørsta Kunstlag. Eg har nye prosjekt på gang, men kan dessverre ikkje avsløre kva desse dreiar seg om heilt enno.

Arild Våge Berge, frå serien Normal Faults, 2016, fotografi 60 x 75 cm.