Stillbilete frå videoen Sensurert av Elise Nohr.

Videoprogrammet frå Høstutstillingen 2019 vert vist i 13 lokale kunstforeiningar i samarbeid med Norske Kunstforeninger. Høstutstillingen har i år sett saman eit videoprogram på tre verk, spesielt med tanke på formidling til barn og unge.

Følgjande verk er del av programmet:
• Elise Nohr – Sensurert, 03:45 min, 2017
• Kristian Pedersen – Little Boy, 05:20 min, 2018
• Maren Dagny Juell – Tutorial#13 JOY, 04:20 min, 2019

Med filmen Sensurert ynskjer Elise Nohr å sette fokus kroppen sine funksjonar til fordel for utsjånaden. Rundt oss vert kroppar stadig sensurert, kommentert og avgrensa, noko dette videoverket gjenspeglar og vil vere ein motsats til. Humor og leikenheit er verkemiddel kunstnaren tek i bruk for å formidle ein underliggande bodskap.

Animasjonsfilmen Little Boy av Kristian Pedersen er ein abstrakt kortfilm som stoppar tida i det atombomba med kodenavn «Little Boy» detonerte på himmelen over Hiroshima, morgonen 6. august 1945. Kunstnaren har ynskja å gjenskape det ubegripelige infernoet av flammar og varme som oppsto i den augneblinken bomba gjekk av og lyste som ei grusam sol over Hiroshima.

Maren Dagny Juell sin film Tutorial#13 JOY er basert på eit format skapt for sosiale medium og YouTube. Teksten som vert lese opp av to 9 år gamle jenter er sett saman av mange ulike kjelder, basert på ein type journalistikk som presenterer tidsbruken til CEO’s (bedriftsleiarar) og råd frå vellukka «time management» foredragshaldarar.

Kunstkritikar i Morgenbladet, Oda Bahr, skriv følgjande om verka til Elise Nohr og Maren Dagny Juell:

Blant korte dokumentarer og mer eksperimentelle verk skiller ett seg ut med sprudlende girl power, Elise Nohrs dansevideo Sensurert. En ung kvinne rister, sparker og aker seg bortover gulvet, kledd i hvit strømpebukse, men med naken overkropp. På brystene har hun teipet to kryss, ikke over brystvortene, men ved siden av – et fingerpek til mediegigantenes tåpelige sensurregler, som ville gjøre det umulig å dele videoen i sosiale medier. Danseren er ikke tykk, men heller ikke tynn, ei vanlig jente med bustete hår og tatoveringer, som rører seg utvunget og uten forfengelighet. Dette er videoprogrammets lille energibombe, en herlig feiring av sunn kroppsutfoldelse.
 
I motsatt ende av optimismeskalaen, om enn med humor, er Maren Dagny Juells videoinstallasjon Tutorial #JOY. På en pute ligger en videoskjerm der to småjenter veksler på å lese opp en foruroligende monolog. Ordene er på engelsk, og lyder som noe en amerikansk popstjerne kunne ha sagt, eller en rosablogger med sans for yoga, selvutvikling og besøk av personlige trenere på morgenkvisten. I en verden der stadig flere barn og unge finner forbilder i instruksjonsvideoer på internett (tutorials), får den surrealistiske tonen en alvorlig undertone. Barn strekker seg gjerne mot en idealverden, men hva når spriket mot virkeligheten blir for stort?

Totalt er programmet 14 min langt, og kunstforeiningane får ei fyldig lærarrettleiing som kan nyttast i formidlingsarbeidet. 2–4 kunstforeiningar vil dessutan vert valt ut til å få besøk av ein formidlar/kunstnar frå Høstutstillingen.

Stillbilete frå Little Boy (2018) av Kristian Pedersen.

Stillbilete frå Little Boy (2018) av Kristian Pedersen.

Høstutstillingen vert i år arrangert for 132. gong, og er landets største gruppeutstilling for norsk samtidskunst. Utstillinga er kunstnarjuryert og tufta på fri innsending. Årets utgåve av Høstutstillingen har eit omfattande videoprogram som vert vist eit spesialbygd videorom i ein av utstillingssalane på Kunstnernes Hus. Det er tre av desse videoane som vert vist hjå lokale kunstforeiningar.

Samarbeidet om videoprogrammet er viktig av mange grunnar, ikkje minst fordi det bidrar til å gjere Høstutstillingen til ei nasjonal utstilling. Ikkje berre for kunstnarane som deltek, men òg for publikum som kan sjå kunsten der dei bur. I 2019 er det sjuande gong videoverk frå Høstutstillingen vert vist i kunstforeiningar rundt om i landet.

Videoinstallasjonen Tutorial#13 JOY av Maren Dagny Juell. Foto: Vegard Kleven / NBK

Om kunstnarane:

Elise Nohr (f. 1995 i Bodø) bur i Oslo. Ho er utdanna ved Prosjektskolen (Oslo) og er no student ved Kunsthøgskolen i Oslo. Nohr har deltatt på ei rekke studentutstillingar og halde ein performance ved arrangementet Elvelangs i fakkellys (Oslo).

Kristian Pedersen (f. 1980 i Fredrikstad) har ein mastergrad frå Kunsthøgskolen i Bergen, og arbeider som animatør, formgjevar og regissør i Oslo. Filmkatalogen hans inneheld blant anna poesi-filmserien Gasspedal Animert (forlaget Gasspedal, 2010—2014), Bøygen (2016) og Little Boy (2018) – sistnemnde to produsert av animasjonsstudioet Mikrofilm. Filmane har blitt vist på ei rekke internasjonale festivalar for film, animasjon og litteratur, frå Japan til Canada. Kortfilmen Little Boy hadde internasjonal premiere under animasjonsfestivalen i Hiroshima, august 2018.

Maren Dagny Juell (f. 1976 i Oslo) bur i Ås og har mastergrad fra Chelsea College of Art and Design (London). Ho har hatt separatutstillingar ved blant anna Trafo Kunsthall (Asker), Trøndelag senter for samtidskunst, PODIUM (Oslo) og Akershus Kunstsenter. Juell har også deltatt på videokunstbiennalen Channels (Melbourne) og i gruppeutstillingar ved Astrup Fearnley Museet og Stavanger kunstmuseum. Nettside: www.marenjk.net

Videoprogrammet vert vist i:

Asker Kunstforening
Bodø Kunstforening
Bømlo Kunstlag
Halden Kunstforening
Haugesund Kunstforening
Heimdal Kunstforening
Kristiansund Kunstforening
Land Kunstforening
Larvik Kunstforening
Neadalen Kunstforening
Rana Kunstforening
Trysil Kunstforening
Vestby Kunstforening

Visingsperiode for programmet vert fastsett av kunstforeiningane sjølve, anten hausten 2018 eller våren 2019. Kunstforeiningane mottek ferdig redigerte videoprogram som DVD/nedlasting, formidlings/lærarrettleiing og plakatar. 

 

Stillbilete frå videoen Sensurert av Elise Nohr.