Før jul vert det delt ut 1,32 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige organisasjonar landet over. Norske Kunstforeninger mottek i 2,6 millionar kroner av desse midlane, og pengane vert betalt ut til 75 lokale kunstforeiningar i midten av desember.
I år har 75 lokale kunstlag og kunstforeiningar søkt om momskompensasjon for 2016, og saman med sentralleddet Norske Kunstforeninger får dei samla 2 590 061 kroner. Det er ein auke på over 500 000 sidan i fjor, men mesteparten av auken skuldast høgare søknadsbeløp frå Bergens Kunstforening/Bergen Kunsthall, Oslo Kunstforening og Christianssands Kunstforening/Kristiansand Kunsthall. Dessutan er det i år 75 kunstforeiningar som har søkt, mot 73 i fjor.
Høgare avkorting enn i fjor
Totalt får 23 500 frivillige lag og organisasjonar i år utbetalt ein momskompensasjon på 1,32 milliardar kroner. Ordninga med momskompensasjon for frivillige organisasjonar vart etablert i 2010, og har som mål å fremje frivillig aktivitet. Organisasjonane kan søkje om å få kompensert utgiftene til meirverdiavgift på innkjøpte varer og tenester. Sjølv om midlane til ordninga har auka gradvis, er ordninga framleis ikkje fullfinansiert. Det tyder at søknadsbeløpet frå organisasjonane vert avkorta med ein felles prosentsats.
Fordi potten til momskompensasjon berre auka med 20 millionar kroner frå 2016 til 2017, er er avkortinga større enn i fjor: kunstforeiningane får tilbake 72,8 % av søknadsbeløpet, mot 76,3 % året før. Den prosentvise kompensasjonen steig til og med 2014, men har deretter gått nedover. Årsaka til nedgangen, er at Kulturdepartementet ikkje har auka løyvingane til ordninga i takt med veksten i søkjartal og -beløp. Neste år er det håp for at avkortinga vert mindre, fordi Venstre og Krf i budsjettforliket med regjeringa sytte for at potten i 2018 aukar med 103,6 millioner kroner.
Utbetaling før jul
Norske Kunstforeninger søkjer på vegne av dei lokale kunstforeiningane etter forenkla modell. Det tyder at kunstforeiningane ikkje treng å dokumentere dei faktiske momskostnadene, fordi momsutgiftene vert estimert på bakgrunn av dei totale driftskostnadene. Fordi modellen ikkje er basert på dei reelle momskostnadene, slår den diverre litt skeivt ut, og fører til at organisasjonar med tilsette kjem heldigare ut fordi lønskostnader vert rekna med i søknadsgrunnlaget. Utbetalingane til kunstforeiningane varierer frå nokre få tusen til fleire hundre tusen kroner for dei store kunstforeiningane med tilsette.
Det samla søknadsgrunnlaget for Norske Kunstforeninger og dei 75 lokallaga var på 3 557 332 kroner. Med ei avkorting på 27,2 % får Norske Kunstforeninger overført 2 590 061 kroner i momskompensasjon for 2016. Av dette får sentralleddet Norske Kunstforeninger 298 196 kroner, inkludert 1 % administrasjonstilskot, som skal dekkje kostnader til kvalitetssikring av søknadene. Dermed vert 2 291 861 kroner utbetalt til dei lokale kunstforeiningane.
Pengane vert betalt ut til dei lokale kunstforeiningane så snart Norske Kunstforeninger har fått overføringa frå Lotteri- og stiftelsestilsynet, i midten av desember. Tilskotet kan nyttast fritt innan den frivillige verksemda til kunstforeininga, og ein treng ikkje rapportere kva midlane er brukt til. Tildelingslista vil verte sendt ut på e-post til kunstforeiningane, slik at dette kan nyttast som vedlegg til rekneskapen.
Ved spørsmål om momskompensasjon kan de kontakte Hanne Houen på e-post hanne.houen@kunstforeninger.no eller telefon 22 42 20 35.