82 utstillingar og tiltak i kunstforeiningane er tildelt stønad på i alt 490 100 kroner. Av midlane går 196 000 kroner til 19 prosjektsøknader, 217 100 kroner i fraktstønad til 59 utstillingar og 77 000 kroner til oppussing og teknisk utstyr i 4 kunstforeiningar. Lister over alle tildelingane ligg tilgjengeleg for nedlasting nedst på sida.
Frakt | Prosjekt | Utstyr | Sum | |
---|---|---|---|---|
Tal på søknader: | 74 | 40 | 12 | 126 |
Innvilga søknader: | 59 | 19 | 4 | 82 |
Total søknadssum: | 522 901 | 936 220 | 326 539 | 1 805 660 |
Totalt tildelt: | 217 100 | 196 000 | 77 000 | 490 100 |
Fleire søknader, men like mange tildelingar
Denne gongen var det ein auke i talet på søknader, 125 søknader mot 101 sist.
– Ein del kunstforeiningar som vi sjeldan hører frå, har kome på banen med søknader. Det er hyggjeleg å sjå. Om ein ikkje har søkt tidlegare, kan ein gjerne ta kontakt om ein har spørsmål til søknadsprosessen, seier rådgjevar/sakshandsamar Anne-Grethe Thoresen.
Trass auken i søknader, ser ein likevel at talet på innvilga søknader om fraktstønad ikkje går opp.
– I denne runden ser vi diverre ein auke i søknader om stønad til utstillingar med kunstnarar som ikkje oppfyller krava til profesjonalitet, og desse søknadene får difor avslag. Merk også at dersom ein søkjer stønad til ei gruppeutstilling må alle kunstnarane som deltek vere profesjonelle for at søknaden skal kunne gå gjennom.
For å verte rekna som profesjonell kunstnar, er hovudregelen at kunstnaren anten må ha utdanning frå ein av dei statlege kunsthøgskulane eller ha medlemskap i ein av dei store kunstnarorganisasjonane. På nettsidene til kunstnarorganisasjonane finst det lister over kva kunstnarar som er medlemmer, og på nettsida vår finst eit oversikt over dette.
Norske Kunstforeninger prøver å støtte opp om kunstforeiningar som arbeider med arenautvikling, både i måten kunstforeininga vert drive på og med etablering av nye utstillingsstader. Vadsø Kunstforening, Kongsvinger Kunstforening, Rana Kunstforening, Volda og Ørsta Kunstlag og Valdres Kunstforening har fått stønad til slikt arbeid. Skiens Kunstforening og Kunsthall Grenland får dessutan tilskot til vidareføring av samarbeidet om kunstfestivalen Greenlightdistrict.
– Normalt vil gode prosjekt kunne få maksimum 20–30 000 kroner i stønad frå oss, fordi vi har ein ganske liten pott som skal fordelast på fleire prosjekt. Om ei kunstforeining planlegg eit prosjekt med mykje høgare kostnader enn dette, kan dei gjerne kontakte oss før de sender søknad, slik at vi kan gje råd om kva andre instansar det er mogleg å få stønad frå, avsluttar Thoresen.
Kriterium for tildeling av stønad
All stønad vert tildelt etter faglege vurderingar, og kor viktig prosjektet er for kunstforeininga. I løyvingane tek vi omsyn til tildelt stønad dei siste søknadsrundane, og total tildeling av stønad i denne runden. Tilskota skal også sikre ei viss geografisk spreiing og ein balanse mellom større og mindre kunstforeiningar. Årsak til avslag kan også vere at søknadene ikkje oppfyller kravet om at alle kunstnarane må vere profesjonelle, at søknaden kom inn etter fristen, eller at påkravd dokumentasjon eller tilfredstillande prosjektskildring ikkje er lagt ved.
Fraktstønaden vert i hovudsak fordelt så demokratisk som mogleg på dei som oppfyller søknadskriteria. Potten med prosjektstønad er ikkje så stor, og difor vil det diverre alltid vere slik at nokre gode prosjekt får avslag.
Ved søknad om utstyrstønad, er det ofte snakk om store investeringar, til dømes ved utskifting av lysutstyr. Difor prioriterer vi nokre få om gongen, slik at dei kan få gjennomført tiltaket. Dersom de har fått avslag på utstyrstønad i denne runden, kan de gjerne søkje på nytt til neste runde. Til større investeringar rår vi dykk dessutan om å søkje stønad frå Kulturrådet si stønadsordning Rom for kunst, i tillegg til kommune, fylkeskommune og stiftingar. Kontakt gjerne rådgjevar Anne-Grethe Thoresen dersom de treng innspel til korleis slike søknader kan utformast.
Praktisk informasjon til stønadsmottakarar
Kunstforeiningar som mottek stønad frå Norske Kunstforeninger skal synleggjere dette i digitalt og trykt materiell der tiltaket vert omtalt (plakatar, på nettsider, i sosiale media, katalogar, etc.). Logoen til Norske Kunstforeninger kan lastast ned frå nettsidene våre.
Hugs også å dokumentere utstillinga, prosjektet eller oppussinga; tre digitale foto skal sendast inn saman med kravet om utbetaling av stønad. Eit utval av tiltaka vil i etterkant verte presentert på nettsidene våre.
Stønaden vert utbetalt etter at tiltaket er gjennomført, ved at kunstforeininga sender inn utbetalingsskjema med dokumentasjon. Utbetalingsskjema skal sendast inn seinast to månader etter at prosjektet/utstillinga er avslutta.
Neste søknadsfrist er 1. november 2019 og gjeld utstillingar, tiltak og arrangement med oppstart i perioden januar–juni 2020.
Vedtaksbreva vert postlagt i løpet av juni. Merk at berre tiltak som er tildelt stønad vil få svarbrev i posten. Spørsmål om søknader, tildelingar og avslag kan rettast til Anne-Grethe Thoresen på anne-grethe.thoresen@kunstforeninger.no eller telefon 22 42 20 35.