85 av totalt 117 søknader mottek frakt-, prosjekt- og utstyrstønad frå Norske Kunstforeninger for andre halvår 2017. Totalt har kunstforeiningane søkt om 1,59 millionar kroner i stønad, og i denne runden vert 540 200 kroner delt ut. Av midlane går 216 000 kroner til 21 prosjektsøknader, 250 200 kroner i fraktstønad til 58 utstillingar og 74 000 kroner til oppussing og teknisk utstyr i 6 kunstforeiningar.
Det er om lag like mange søknader som for første halvår 2017, men talet på omsøkte midlar er noko høgare. Generelt sett har talet på søknader gått ned dei siste åra. Når det gjeld fraktstønad, ser det ut til at ein del berre søkjer om det dei trur dei kan få i fraktstønad, men vi ynskjer at skal søkje om dei reelle fraktkostnadene. Det er nemleg viktig for oss å ha tal som synleggjer kor stort behovet for fraktstønad faktisk er, sjølv om vi kanskje ikkje har midlar til å innvilge heile søknadssummen.
Kriterium for tildeling
All stønad vert tildelt etter faglege vurderingar, og kor viktig prosjektet er for kunstforeininga. Fraktstønaden vert fordelt ganske demokratisk på dei som oppfyller søknadskriteria. Potten med prosjektstønad er diverre ikkje så stor, og difor vil det alltid vere slik at enkelte gode prosjekt får avslag. Innan utstyrstønaden er det ofte snakk om store investeringar, til dømes lysutstyr, så her må vi prioritere nokre få om gongen, slik at dei kan få gjennomført tiltaket. Dersom de har fått avslag på utstyrstønad i denne runden, så søk gjerne på nytt igjen til neste runde!
I løyvingane tek vi omsyn til tildelt stønad dei siste søknadsrundane, og tildelingar av annan stønad i denne runden. Tilskota skal også sikre ei viss geografisk spreiing og ein balanse mellom større og mindre kunstforeiningar. Årsak til avslag kan også vere at søknadene ikkje oppfyller kravet om at alle kunstnarane må vere profesjonelle, at søknaden kom etter fristen, eller at påkravd dokumentasjon ikkje er lagt ved.
Neste søknadsfrist er 1. november 2017, og gjeld utstillingar, tiltak og arrangement med oppstart i perioden januar–juni 2018.
Praktisk informasjon til søkjarar
Vedtaksbreva vil verte sendt ut per post i løpet av august. Krav om utbetaling av stønad skal sendast Norske Kunstforeninger innan to månader etter at prosjektet/utstillinga er avslutta.
Når de har motteke stønad frå Norske Kunstforeninger skal dette synleggjerast i digitalt og trykt materiell (plakatar, brosjyrar, på nettsider etc.). Logoen til Norske Kunstforeninger kan lastast ned frå nettsidene våre. Hugs også å dokumentere utstillinga, prosjektet eller oppussinga; tre digitale foto skal sendast inn saman med kravet om utbetaling av stønad.