Årets Kunstforeining 2023: Orkdal Kunstforening

Orkdal Kunstforening er tildelt utmerkinga Årets Kunstforeining 2023. Foreininga har vist seg som ei særleg aktiv og synleg kunstscene for lokalsamfunnet. Deira måte å drifte kunstforeininga på meiner juryen er til inspirasjon for andre kunstforeiningar. Styremedlem i Orkdal Kunstforening Marian Roodenburg fekk prisen under Norske Kunstforeningers årsmøtehelg i Bodø 24. mai.

Jurygrunngjeving Årets Kunstforening 2022
Gjennom eit imponerande program viser kunstforeininga til stor bredde i sine visningar og aktivitetar. Juryen er imponert over det mangfaldige tilbodet kunstforeininga har gjennomført, som syner eit spenn frå visuell biletkunst til lyrikk, musikk og teater. Kunstforeininga viser at dei er ei kunstforeining av stor betydning for lokalmiljøet, og tiltrekker seg ikkje berre profesjonell kunst med stor K, men også dei mindre aktørane til kunstscena.

Juryen vil framheve Orkdal Kunstforening som Årets Kunstforening, fordi dei viser gjennom drift og engasjement at dei er ei kunstforeining som er open for alle- “et sted hvor profesjonelle og amatører, gamle og unge kan møtes”. Kunstforeininga er ein frivillig organisasjon med om lag 70 medlemmer og det vert arrangert opp til 12 utstillingar i året som er godt besøkt. Og satsinga på mangfald og inkludering vert tydeleg gjennom det nyskapande prosjektet Kunstløypa i Orkland. Dette er eit arrangement som varer i tre veker i september, og er eit tverrfagleg kulturprosjekt der
fleire kunstartar møtes. I 2023 vart Kunstløypa besøkt av minst 1000 personar. Kunstløypa er eit godt eksempel på kva rolle og verdi ei kunstforeining kan ha i eit lokalmiljø. Gjennom året har Orkdal Kunstforening hatt ulike tilbod til barn og unge – som gratis barnekunstverkstader og andre medlemsstyrte kreative formiddagstreff.

Utmerkinga Årets kunstforeining blir delt ut kvart år i tilknyting til Norske Kunstforeningers årsmøte. Prisen på 30 000 kroner skal gå til ei norsk kunstforeining som i løpet av førre år har utmerkt seg – anten på grunn av eit enkeltprosjekt eller som over tid har markert seg som særleg aktiv, synleg, fantasifull, kreativ, utradisjonell på kunstscena eller i kulturlivet. Årets Kunstforeining skal vera til inspirasjon og etterfølgelse for andre kunstforeiningar. Juryen for Årets Kunstforening består av styret i Norske Kunstforeninger. Styremedlem i Orkdal Kunstforeninger Marian Roodenburg fekk utmerkinga under Norske Kunstforeningers årsmøtehelg i Oslo 25. mai i Bodø.