Admir Batlak mottok Norske Kunstforeningers debutantpris 2020 for dei tre skulpturane A New Tomorrow 2, 3 og 5 under opninga av Høstutstillingen 19. september. Juryen peikar på at vinnarverka er vanskeleg å sette i bås. Dei meiner skulpturane er like tvitydige som dei er finstemte, og maktar å vere både mote og kunst på ei og same tid.
Norske Kunstforeningers debutantpris er på 50 000 kroner, og vert kvart år delt ut til ein kunstnar som er debutant på Høstutstillingen. Forutan å løfte fram og synleggjere yngre, uetablerte kunstnarar i Noreg, set prisen søkelys på det viktige samspelet mellom kunstnarar og kunstforeiningar. Ofte fungerer kunstforeiningane som eit springbrett for unge kunstnarar, og saman bidreg dei til mangfaldet på kunstscena og gjer ny kunst tilgjengeleg for publikum over heile Noreg.
Juryen framhevar at den frie innsendinga til Høstutstillingen er med på å tøye kunstomgrepet, som både kan vere ufatteleg raust, men likevel snevert — og utstillinga viser oss at det, som i Admir Batlak sitt tilfelle, kan vere mange vegar inn til kunsten.
Utdrag frå jurygrunngjevinga:
Årets debutantprisvinnar utfordrar oss med tre skulpturar som er vanskeleg å sette i bås, og som fortel med fleire stemmer samtidig.
Juryen er imponert over presisjonen og den store sansen for material, både som estetiske og meiningsberande element. Årets debutantprisvinnar har konstruert tre nærast utanomjordiske skikkelsar, som balanserer hårfint mellom det attkjennelege og det framande, det stille og voldsomme, det formale og forteljande, og mellom skaping og konstruksjon. Skulpturane er like tvitydige som dei er finstemte, og maktar å vere både mote og kunst på ei og same tid.
Admir Batlak er fødd i 1982 i Mostar i Bosnia-Hercegovina, men bur og arbeider i Oslo. Han har studert motedesign ved Istituto Marangoni i Milano. I praksisen sin legg han spesielt vekt på handverk og utvikling av unike material og teknikkar. Han har heile tida utfordra det tradisjonelle visingsformatet innan mote, og har presentert kolleksjonane sine på kunstinstitusjonar som Muchmuseet, Kunstnernes Hus og 1857. I 2019 hadde han si første soloutstilling med verk som ikkje er mote i Galleri Riis, og han har dessutan delteke på fleire gruppeutstillingar. Batlak er representert i samlingane til Nasjonalmuseet, KODE Kunstmusem, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum og Stavanger Kunstmuseum.
Årets jury har bestått av:
Øyvind R. Kvarme, nestleiar, Norske Kunstforeninger
Cathrine Terese Persson, dagleg leiar/intendant, Bodø Kunstforening
Ida Haugland, gallerileiar, Ålesund Kunstforening/Khåk Kunsthall
Espen Dietrichson, juryleiar, Den Nasjonale Jury 2020, Statens Kunstutstilling – Høstutstillingen