Utstillingsopning i Sunnfjord Kunstlag 21. august
21. august opnar utstillinga Dei språklause av Marte Lill Somby og Jukke Rosing i Sunnfjord Kunstlag. Språk kan ikkje fangast med kamera, men i utstillinga kan du lett kjenne på frustrasjonen, sårbarheita og identitetskrisa som tap av språk og kultur kan føre til. Her møtest Grønland og Sápmi med sine likskapar og ulikskapar, fanga av linsene til ur-folkskvinnene Jukke Rosing og Marte Lill Somby.

Utstillinga er del av det nasjonale utstillings- og formidlingsprosjektet «Voi voi, vi er på utstilling!», eit samarbeid mel-lom Norske Kunstforeninger og Samisk senter for samtidskunst.

I utstillinga vert også filmen «Cartographer» (HDV 48 min, 2019) av Marek Ranis vist. «Cartographer» undersøkjer livet til kunstnar, aktivist og diktar Hans Ragnar Mathisen. Filmen tar for seg urfolk sine universelle opplevingar i kampen for å oppretthalde sin kultur og tradisjonelle livsstil i møte med dramatiske miljøendringar.

Dei språklause vert vist i Festsalen, Førdehuset, 21. august– 5. september 2021
Opning laurdag 21.august kl. 1300 v/kommunalsjef Hilde Bjørkum
Filmen “Cartographer” vert opningsdagen vist i Storsalen kl. 14.30

Opningstider:
laurdag kl. 1300-1600
sundag kl. 1400-1800
tysdag/torsdag kl. 1800-2000
onsdag/fredag kl. 1500-1800
måndag stengt.

Prosjektet er  støtta av Sparebankstiftelsen DNB, Kulturrådet, Sametinget og Fritt Ord.