Samla har kunstforeiningane søkt Norske Kunstforeninger om 1,4 millionar kroner i frakt-, prosjekt- og utstyrstønad, fordelt på 110 søknader. Av desse er 79 tildelt stønad på totalt 503 300 kroner. Stønaden som er delt ut i denne søknadsrunden gjeld prosjekt som har oppstart i første halvår 2018.
Av midlane går 200 000 kroner til 22 prosjektsøknader, 228 300 kroner i fraktstønad til 50 utstillingar og 75 000 kroner til oppussing og teknisk utstyr i 7 kunstforeiningar. Lister over alle tildelingane ligg tilgjengeleg for nedlasting nedst på sida.
Kriterium for tildeling
All stønad vert tildelt etter faglege vurderingar, og kor viktig prosjektet er for kunstforeininga. Fraktstønaden vert fordelt tilnærma demokratisk på dei som oppfyller søknadskriteria. Potten med prosjektstønad er diverre ikkje så stor, og difor vil det alltid vere slik at nokre gode prosjekt får avslag.
Ved søknad om utstyrstønad, er det ofte snakk om store investeringar, til dømes ved utskifting av lysutstyr. Difor prioriterer vi nokre få om gongen, slik at dei kan få gjennomført tiltaket. Dersom de har fått avslag på utstyrstønad i denne runden, kan de gjerne søkje på nytt til neste runde. Til større investeringar rår vi dykk dessutan om å søkje stønad frå Kulturrådet si stønadsordning Rom for kunst, i tillegg til kommune, fylkeskommune og stiftingar. Kontakt gjerne rådgjevar Anne-Grethe Thoresen dersom de treng innspel til korleis slike søknader kan utformast.
I løyvingane tek vi omsyn til tildelt stønad dei siste søknadsrundane, og tildelingar av annan stønad i denne runden. Tilskota skal også sikre ei viss geografisk spreiing og ein balanse mellom større og mindre kunstforeiningar. Årsak til avslag kan også vere at søknadene ikkje oppfyller kravet om at alle kunstnarane må vere profesjonelle, at søknaden kom inn etter fristen, eller at påkravd dokumentasjon ikkje er lagt ved.
Praktisk informasjon for søkjarar
Vedtaksbreva vert sendt ut per post før jul. Merk at berre tiltak som er tildelt stønad vil få svarbrev i posten.
Når de har motteke stønad frå Norske Kunstforeninger skal dette synleggjerast i digitalt og trykt materiell (plakatar, brosjyrar, på nettsider etc.). Logoen til Norske Kunstforeninger kan lastast ned frå nettsidene våre. Hugs også å dokumentere utstillinga, prosjektet eller oppussinga; tre digitale foto skal sendast inn saman med kravet om utbetaling av stønad. Eit utval av tiltaka vil i etterkant verte presentert på nettsidene våre.
Stønaden vert utbetalt etter at tiltaket er gjennomført, ved at kunstforeininga sender inn utbetalingsskjema med dokumentasjon. Utbetalingsskjema skal sendast inn seinast to månader etter at prosjektet/utstillinga er avslutta.
Neste søknadsfrist er 1. mai 2018, og gjeld utstillingar, tiltak og arrangement med oppstart i perioden juli–desember 2018.
Spørsmål om søknader, tildelingar og avslag kan rettast til Anne-Grethe Thoresen på anne-grethe.thoresen@kunstforeninger.no eller telefon 22 42 20 35.