Fraktstønaden er viktig for at kunstforeiningar over heile landet skal kunne vise kunst av profesjonelle samtidskunstnarar. Her er verk av Alf Ertsland pakka ned og klare for transport etter ei utstilling i Stjørdal Kunstforening. Foto: Stjørdal Kunstforening

I denne søknadsrunden mottok Norske Kunstforeninger søknader om 1,32 millionar kroner i frakt-, prosjekt- og utstyrstønad frå kunstforeiningane. Samla fekk vi inn 101 søknader, og av desse er 83 tildelt stønad på i alt 505 800 kroner. Stønaden som er delt ut i denne søknadsrunden gjeld prosjekt som har oppstart januar–juni 2019.

Av midlane går 200 000 kroner til 20 prosjektsøknader, 230 300 kroner i fraktstønad til 58 utstillingar og 75 500 kroner til oppussing og teknisk utstyr i 5 kunstforeiningar. Lister over alle tildelingane ligg tilgjengeleg for nedlasting nedst på sida.

Frakt Prosjekt Utstyr Sum
Tal på søknader: 60 31 10 101
Innvilga søknader: 58 20 5 83
Total søknadssum: 441 194 629 650 251 341 1 322 185
Totalt tildelt: 230 300 200 000 75 500 505 800

Fleire interessante tendensar

I søknadsbunken er det denne gongen fleire interessante prosjekt, der kunstnarar vert brukt som ein ressurs til formidle og halde workshopar. Til dømes skal samtidskunstnaren Pierre Lionel Matte halde to føredrag i kunsthistorie i Fet Kunstforening, og Bryne Kunstforening arrangerer eit møte mellom kunstnar Brynhild Winther, ein forfattar og ein kunstkritikar for å setje eit litterært fokus på utstillinga. I Arendal Kunstforening satsar dei på å gje plass til yngre kunstnarar og byggjer ut programmeringa med kunstnarsamtalar, performance og konsertar.

– Det er gledeleg å sjå at fleire kunstforeiningar tenkjer heilskapleg på utstillingsprogrammet i løpet av eit år, og utvidar programmeringa med føredrag og andre aktivitetar. Dei skaper ein møteplass i kunstforeininga. Ei slik tydeleg profilbygging ser vi til dømes i Alta Kunstforening, Kongsberg Kunstforening og Skiens Kunstforening. Dette er tendensar vi ynskjer å støtte, seier sakshandsamar Anne-Grethe Thoresen.

– Det er dessutan morosamt å sjå at studieturen til Berlin har resultert i to konkrete samarbeid. Skiens Kunstforening skal ha utstilling med Bente Stokke. Sandefjord Kunstforening har invitert kunstnar Lars Ramberg til å halde føredrag, både i næringslivsforumet i byen, og for frivillige og styremedlemmer i kunstforeininga. Det er ein spanande idé å få ein kunstnar til å bidra i slike settingar, både for å styrke samarbeid og forståing blant dei som er engasjert i kunstforeiningsarbeid og for å auke forståinga for samtidskunst hos ei publikumsgruppe ein ynskjer å knyte nærare til kunstforeininga.

Kriterium for tildeling av stønad

All stønad vert tildelt etter faglege vurderingar, og kor viktig prosjektet er for kunstforeininga. I løyvingane tek vi omsyn til tildelt stønad dei siste søknadsrundane, og tildelingar av annan stønad i denne runden. Tilskota skal også sikre ei viss geografisk spreiing og ein balanse mellom større og mindre kunstforeiningar. Årsak til avslag kan også vere at søknadene ikkje oppfyller kravet om at alle kunstnarane må vere profesjonelle, at søknaden kom inn etter fristen, eller at påkravd dokumentasjon ikkje er lagt ved.

Fraktstønaden vert fordelt så demokratisk som mogleg på dei som oppfyller søknadskriteria. Potten med prosjektstønad er ikkje så stor, og difor vil det diverre alltid vere slik at nokre gode prosjekt får avslag.

Ved søknad om utstyrstønad, er det ofte snakk om store investeringar, til dømes ved utskifting av lysutstyr. Difor prioriterer vi nokre få om gongen, slik at dei kan få gjennomført tiltaket. Dersom de har fått avslag på utstyrstønad i denne runden, kan de gjerne søkje på nytt til neste runde. Til større investeringar rår vi dykk dessutan om å søkje stønad frå Kulturrådet si stønadsordning Rom for kunst, i tillegg til kommune, fylkeskommune og stiftingar. Kontakt gjerne rådgjevar Anne-Grethe Thoresen dersom de treng innspel til korleis slike søknader kan utformast.

Praktisk informasjon til stønadsmottakarar

Kunstforeiningar som mottek stønad frå Norske Kunstforeninger skal synleggjere dette i digitalt og trykt materiell (plakatar, brosjyrar, på nettsider etc.). Logoen til Norske Kunstforeninger kan lastast ned frå nettsidene våre. Hugs også å dokumentere utstillinga, prosjektet eller oppussinga; tre digitale foto skal sendast inn saman med kravet om utbetaling av stønad. Eit utval av tiltaka vil i etterkant verte presentert på nettsidene våre.

Stønaden vert utbetalt etter at tiltaket er gjennomført, ved at kunstforeininga sender inn utbetalingsskjema med dokumentasjon. Utbetalingsskjema skal sendast inn seinast to månader etter at prosjektet/utstillinga er avslutta.

Neste søknadsfrist er 1. mai 2019, og gjeld utstillingar, tiltak og arrangement med oppstart i perioden juli–desember 2019.

Vedtaksbreva vert postlagt i januar. Merk at berre tiltak som er tildelt stønad vil få svarbrev i posten. Spørsmål om søknader, tildelingar og avslag kan rettast til Anne-Grethe Thoresen på anne-grethe.thoresen@kunstforeninger.no eller telefon 22 42 20 35.