Malin Olivia Dahlberg er tilbake som kommunikasjonsrådgjevar, medan Lena Trydal held fram som redaktør for Kunst Pluss.

Frå midten av september 2020 er det nokre endringar i tilsette og fordeling av arbeidsoppgåver på kontoret til Norske Kunstforeninger.

Malin Olivia Dahlberg er no tilbake i jobben som kommunikasjonsrådgjevar i Norske Kunstforeninger, etter å ha hatt permisjon sidan desember 2019. Ho vil fram til jul arbeide 60 %, og er på jobb måndag, onsdag og torsdag kl. 8.00-15.30. Ta gjerne kontakt på e-post malin.dahlberg@kunstforeninger.no eller telefon 22 42 20 35.

Malin vil i hovudsak ha ansvar for kommunikasjonsarbeid (nettsider, sosiale medium, nyhendebrev, informasjon til medlemsforeiningane etc). Ho vil også kunne bistå med generell rådgjeving for kunstforeiningane og hjelp til HyperSys, men det er framleis Sten Nilsen som har hovudansvar for brukarstøtte til HyperSys.

Lena Trydal som har vore vikar, vil halde fram i ei 40 % stilling som redaktør for Kunst Pluss. Ho jobbar måndagar og tysdagar og kan nåast på e-post lena.trydal@kunstforeninger.no og telefon 22 42 20 35.

Oversikt over alle tilsette i administrasjonen, og kva arbeidsoppgåver den enkelte har, finn du her.