Etter innspel frå kunstforeiningane har vi gjort endringar i kva dokumentasjon vi krev for utbetaling av frakt-, prosjekt- og utstyrstønad. For å gjere det enklare treng ein mellom anna ikkje lenger å leggje ved bankkvitteringar for å få utbetalt stønaden.
Det nye utbetalingsskjemaet inneheld eit eige rapportfelt som alle skal fylle ut. Skjemaet har også fått ei rettleiing til utfylling. Hugs å sende inn utbetalingsskjema med vedlegg så snart som mogleg etter gjennomført utstilling, prosjekt eller utstyrsinnkjøp.
For å få utbetalt stønad held det no å sende inn eitt skjema, saman med kopi av faktura opp til stønadsbeløpet ein har fått innvilga, tre digitale foto og kopi av eventuelle medieoppslag/katalog. Fotoa frå tiltaket må vere av god kvalitet, og kunstforeininga må ha rettane til å bruke dei.
Eit utval av utstillingane, prosjekta og tiltaka som har fått stønad vil verte presentert med foto og tekst på nettsidene våre og delt på Facebook. Så hugs å dokumentere aktiviteten til kunstforeininga – gode bilete aukar sjansen for å kome med!
Meir informasjon: Utbetaling av stønad og skjema