Eit uvanleg år nærmar seg slutten. Kunstforeiningane måtte avlyse eller utsetje utstillingar, aktivitetar og arrangement. Pandemien førte til tapte inntekter, og publikum fekk eit redusert tilbod. Vi måtte alle finne alternative måtar å møtast på, anten digitalt, eller med rammer som la til rette for godt smittevern.
Vi håper vaksinar og godt smittevern gjer det mogleg med ein meir normal aktivitet i 2021. Vi satsar difor på å kunne gjennomføre årsmøtehelg 23.–25. april i Sandefjord. I tillegg gler vi oss til spanande utstillingar og prosjekt i kunstforeiningane i det komande året. Etter eit underleg år, treng vi alle noko inspirerande å sjå fram imot!
Vi er svært takksame for det arbeidet frivillige og tilsette i kunstforeiningane kvart år gjer, for at publikum over heile landet skal få moglegheit til å oppleve kunst. Vi set stor pris på det gode samarbeidet med kunstforeiningane, og med andre samarbeidspartnarar og støttespelarar.
Norske Kunstforeninger ynskjer alle ei fredeleg jul og eit vakkert nytt kunstår!
Kontoret til Norske Kunstforeninger held stengt 22. desember–3. januar. Send oss gjerne ein e-post, så får du svar når vi er tilbake.
Ved hastesaker i jula kan du kontakte direktør Susanne Svenseid på e-post susanne.svenseid@kunstforeninger.no eller mobil 958 76 307.