Nok eit innhaldsrikt år nærmar seg slutten, og vi ser allereie fram til eit nytt kunstår. I 2018 markerer vi dessutan 40-årsjubileet til Norske Kunstforeninger! Det skal vi mellom anna feire med ein felles studietur til kunstforeiningane sine røter i Dresden og Berlin.
Vi er svært takksame for det arbeidet kunstforeiningane kvart år legg ned for at publikum over heile landet skal få moglegheit til å oppleve kunst. Vi set stor pris på det gode samarbeidet og den store innsatsen – tusen takk til alle frivillige og tilsette i kunstlag, kunstforeiningar og kunsthallar!
Norske Kunstforeninger ynskjer alle kunstinteresserte, samarbeidspartnarar og støttespelarar
Ei god jul og eit strålande nytt kunstår!
Kontoret til Norske Kunstforeninger held stengt 22. desember–1. januar. Send oss gjerne ein e-post, så får du svar når vi er tilbake.
Ved hastesaker i jula kan ein kontakte direktør Susanne Svenseid på e-post susanne.svenseid@kunstforeninger.no eller mobil 958 76 307.