I 2021 vert årsmøtet til Norske Kunstforeninger arrangert digitalt 24. april. Kunstforeiningar som har saker dei vil at årsmøtet skal behandle, eller har ein god kandidat til styret i Norske Kunstforeninger, må melde dette inn seinast 24. februar.

I tillegg til innkomne saker, skal årsmøtet ta opp vanlege saker som årsrekneskap, årsmelding, budsjett, medlemskontingent, val av styremedlemmer og valkomité.

Endeleg saksliste og årsmøtepapir vert sendt ut seinast 20 dagar før årsmøtet. Kvar medlemsforeining har ei stemme på årsmøtet, og årsmøtedelegaten må meldast på seinast 15. april (informasjon om påmelding kjem i mars/april). Også fylkeslaga vert invitert til årsmøtet. Merk at desse etter vedtektsendringane i 2019 ikkje har status som «medlemmer», og dermed ikkje har stemmerett.

Årsmøtesaker kan sendast inn anten på post@kunstforeninger.no eller per post til Norske Kunstforeninger, Kongens gate 2, 0153 Oslo. Forslaga må vere oss i hende seinast 24. februar.

Val av styre

Styret til Norske Kunstforeningers er eit ikkje-arbeidande styre, som vanlegvis møtest fire gongar i året. Hovudoppgåva til styret er å halde auge med at Norske Kunstforeninger vert drive forsvarleg, i tråd med vedtekter og strategi.

Styret består av sju medlemmer, der alle dei fem regionane må vere representert. Alle styremedlemmene vert valde for to år om gongen, og tre–fire medlemmer er på val kvart år. Styremedlemmer kan maksimum sitje tre samanhengjande periodar, altså seks år. Varamedlemmer vert valde for eitt år om gongen, og kan maksimum sitje tre år på rad.

Styret må vere sett saman av representantar frå dei fem regionane kunstforeiningane er delt inn i.

Regionar:

  • Nord-Norge: Troms og Finnmark, Nordland
  • Trøndelag
  • Vestlandet: Møre og Romsdal, Vestland, Rogaland
  • Sørlandet: Agder, Vestfold og Telemark
  • Østlandet: Viken, Innlandet, Oslo

Tre styremedlemmer på val i 2021

På årsmøtet i 2021 er tre styremedlemmer på val. I tillegg skal årsmøtet velje tre varamedlemmer i prioritert rekkjefølgje.

Av dei tre styremedlemmene som skal veljast må éin representere Nord-Norge og éin Østlandet. Den siste styremedlemmen og alle varamedlemmene kan veljast uavhengig av region.

Styremedlemmer på val i 2021:

  • Monica Milch Gebhardt, Vadsø Kunstforening/Nord-Norge, valt inn i 2017
  • Morten Lindgren, Kunsthall Grenland/Sørlandet, valt inn 2017
  • Maria Rusinovskaya, Bergen Kunsthall/Vestlandet, valt inn 2019

Styremedlemmer ikkje på val i 2021:

  • Anna Katharina Haukeland, styreleiar, Oslo Kunstforening/Østlandet, valt inn i 2020
  • Øyvind R. Kvarme, nestleiar, Heimdal Kunstforening/Trøndelag, valt inn 2018
  • Kari Berge, Sandefjord Kunstforening/Sørlandet, valt inn i 2020
  • Mona Elin Aarø, Haugesund Kunstforening/Vestlandet, valt inn 2016

Varamedlemmer vert valt for eitt år om gongen, og alle tre varamedlemmene er difor på val. Marit Silsand har sete maksimalt antal periodar, og kan ikkje veljast på nytt.

Varamedlemmer – alle på val i 2021:

  1. vara: Joar Nango, Nord-Norge, valt inn i 2020
  2. vara: Marit Silsand, Kunstforeningen Verdens Ende/Sørlandet, valt inn 2018 (har sete maksimumlengde på tre periodar, kan ikkje attveljast som varamedlem)
  3. vara: Nina Gjølgasæther, Ørland Bjugn Kunstforening/Trøndelag, valt inn i 2019

Send forslag direkte til valkomiteen

Forslag om styremedlemmer sender du direkte til valkomiteen på e-post. Nominasjonen må innehalde informasjon om kandidaten og kontaktopplysningar. Valkomiteen vurderer innkomne forslag, og legg fram innstillinga si av kandidatar for årsmøtet.

Frist for innsending av forslag er 24. februar 2021.

Valkomité:

  • Beate Juell, leiar av valkomiteen, Toten Kunstforening, beatejuell@hotmail.com
  • Aslak Høyersten, Bergen Kunsthall, aslak@visp.no
  • Cecilie Nissen, Kristiansand Kunsthall, kontakt@kristiansandkunsthall.no