Haugesund Billedgalleri/Haugesund Kunstforening vert ein av hovudarenaene under festivalen. Foto: Haugesund Billedgalleri/Ana Gonçalves

Norske Kunstforeninger har valt Haugesund Kunstforening som arrangør for den nasjonale kunstfestivalen i 2019. Festivalen vil ha tresnitt som hovudtema, og ynskjer undersøkje og utfordre tresnittet og grafiske teknikkar sitt potensiale som kunstnarisk uttrykksmåte i dag.

– No er det god stemning i styret, vi gler oss og er motivert til å setje i gang, og ser fram til 2019!, seier Mona Elin Aarø, styreleiar i Haugesund Kunstforeninger.

Annakvart år planlegg og gjennomfører ei lokal kunstforeining ein nasjonal kunstfestival, etter søknad til Norske Kunstforeninger. Styret i Norske Kunstforeninger vurderer søknadene, og vel ut kunstforeininga med det mest interessante konseptet. I denne runden var det Haugesund Kunstforening som trekte det lengste strået, og dermed vert det kunstfestival i Haugesund 9.–12. mai 2019.

– Vi har hatt veldig god oppleving på dei kunstfestivalane vi har vore på tidlegare, og difor vil vi prøve å skape ein kunstfestival sjølv. Haugesund Billedgalleri har ei stor samling med grafikk, og vi tenkte at ulike grafiske teknikkar ville vere eit fint utgangspunkt for ein festival.

Haugesund Kunstforening har tilhaldsstad i Haugesund Billedgalleri, og galleriet vil verte ein sentral arena i festivalen.

– Men vi har lyst til å ta i bruk heile byen, og gjere kunsten tilgjengeleg for folk flest. Vi håper at festivalen kan bidra til auka aktivitet, det kjem folk frå kunstforeiningar over heile landet, men håper at det vil vere interessant for fleire. Og kanskje vil det inspirere nokon til å arrangere kunstfestival etter oss?

Vil gje festivalbyen biletkunst

Kunstforeininga er ansvarleg for det kunstnariske programmet og økonomien, sjølv festivalen vert gjennomført i samarbeid med Norske Kunstforeninger.

– Ein av grunnane til at vi ynskjer å arrangere kunstfestival er fordi festivalbyen Haugesund har eit mangfald av festivalar, men ingen festival for biletkunst, vi ynskjer også å gje biletkunsten ei «scene». Haugesund kunstforening har vore ein viktig aktør i byens kulturliv i meir enn 100 år, og sist det vart arrangert kunstfestival i byen var i 1994.

Kunstforeininga har nærare to år på seg til å planleggje festivalprogrammet i detalj, og søkje stønad til prosjektet.

– No skal vi samle oss og diskutere strategi. Vi skal også ha møte i lag med dei kunstforeiningane som har arrangert kunstfestivalar dei siste åra, og hauste erfaring og nyttige tips frå dei, og lære om potensielle fallgruver frå dei, og så planleggje vidare ut frå det, avsluttar Mona Elin Aarø.