Marit Aabel Kulseng (Kongsberg Kunstforening) og Reidun Haugnes (Høyanger Kunstlag) mottok prisen Årets Kunstforening 2018 i Haugesund 11. mai. Foto: Norske Kunstforeninger

Utmerkinga Årets Kunstforening 2018 vert delt mellom Kongsberg Kunstforening og Høyanger Kunstlag. Årets jury har valt å gje prisen til to svært ulike, men like inspirerande kunstforeiningar. På kvar sin måte representerer dei det viktige arbeidet som vert gjort i mangfaldet av kunstforeiningar landet over.

Kvart år deler Norske Kunstforeiningar ut prisen Årets Kunstforening. Heidersprisen vert tildelt ei kunstforeining som har utmerka seg med nyskapande arbeid eller gode prosjekt, og som kan vere til inspirasjon for andre kunstforeiningar.

–  Dette er ei stor ære, vi er kjempeglade! Det viser at arbeidet vårt vert lagt merke til og vert verdsett, seier Ingrid Austlid Rise, styreleiar i Kongsberg Kunstforening.

Juryen trekkjer fram at Kongsberg Kunstforening gjennom fleire år har halde eit høgt nivå på utstillingsprogrammet. Gjennom leiken og ambisiøs programmering har foreininga lukkast i å nå nye publikumsgrupper og formidle ny kunst til fleire grupper i sitt eige lokalmiljø.

– Prisen er eit teikn på at vi er på rett veg med kunstforeininga. Vi har byrja med å få inn barn og unge, for å rekruttere både nytt publikum og nye medlemmer. Det er mykje arbeid og ein lang veg å gå, men vi har starta på noko vi har veldig tru på, og som vi håper fleire kunstforeiningar kan late seg inspirere av.

20 år kamp krona med eige galleri

Den andre mottakaren av prisen er Høyanger Kunstlag, som med stort engasjement og målretta arbeid etter nærare 20 år fekk sine eigne lokale då Gunnar S. Galleriet opna i november 2018. Annakvart år deler foreininga ut sitt eige stipend med påfølgande stipendutstilling, noko som har vore ein viktig del av foreininga si profil og publikumsoppslutning. Juryen ynskjer å hylle vilje og pågangsmot over fleire år, som har gitt fantastiske resultat.

– Dette var veldig overraskande, men vi synest også det er vel fortent! Vi har lagt ned ein stor frivillig innsats for kunsten. Eg er veldig takknemleg, og det er kjekt å kunne avslutte mi tid i kunstlagsstyret med ei slik utmerking, etter å ha jobba for å få på plass galleriet i 20 år, seier nyleg avtroppa leiar Reidun Haugnes i Høyanger Kunstlag.

Utmerkinga Årets kunstforening vert delt ut kvart år, i samband med årsmøtet til Norske Kunstforeninger. Prisen er på 30 000 kroner. Juryen for Årets Kunstforening er styret i Norske Kunstforeninger.

Marit Aabel Kulseng (Kongsberg Kunstforening) og Reidun Haugnes (Høyanger Kunstlag) mottok prisen under kunstfestivalen Avtrykk i Haugesund 11. mai.