Kva konsekvensar fekk pandemiåret 2020 for drifta av kunstforeininga? Kor mange utstillingar fekk de gjennomført, og resulterte pandemien i nedgang publikumstal og sal av kunst? Alle medlemsforeiningane i Norske Kunstforeninger er pliktige til å levere ein årleg statistikk – fristen er 1. juni!

I år vert det ekstra interessant å sjå tala for 2020 opp mot eit normalår, og det er difor nokre ekstra spørsmål knytt til konsekvensar av koronapandemien. Statistikken vil gje oss nyttig innsikt i drifta, behova og utfordringane til kunstforeiningane. Med eit godt faktagrunnlag er det lettare for oss setje i gang målretta tiltak og arbeide politisk for betre rammevilkår.

Kva type informasjon vil vi ha?

Statistikken for 2020 er delt inn i seks ulike delar: Årsmelding, Utstillingar og aktivitetar, Støtte, Inntekter, Konsekvensar av koronapandemien og Kommentarar/innspel.

Ha årsmeldinga og årsrekneskapen tilgjengeleg når du skal fylle ut statistikken, så har du informasjonen du treng. Desse dokumenta skal også lastast opp som vedlegg til skjemaet. Har de gjort endringar i vedtektene, kan nye vedtekter lastast opp frå skjemaet.

Alle i styret, med unntak av varamedlemmer, har tilgang til å fylle ut årsrapport-skjemaet. Når alle felta er fylt ut, må skjemaet signerast digitalt av ein av styremedlemmene som sat i styret per 31. desember 2020.

NB! Nokre av svara under Inntekter vil verte vidarerapportert til bruk i Kulturrådet sin bransjestatistikk Visuell kunst i tall. Desse spørsmåla er dei same kvart år og vert rapportert frå alle aktørar innan kunstfeltet, slik at ein over tid kan sjå tendensar og utvikling innan kunstmarknaden. Talmaterialet vert handsama konfidensielt, og vil i rapporten berre verte presentert på eit overordna nivå, slik at svara frå den enkelte kunstforeininga ikkje er sporbare.

3. Trykk på 2020 (Innkrevd) for å kome til skjemaet som skal fyllast ut.

4. Fyll ut alle felta, trykk Neste for å kome vidare. Merk at du maksimum kan laste opp ei fil for kvart av punkta årsmelding/årsrekneskap/vedtekter. Når alle sidene er fylt ut trykk på Send inn.

NB! Øvst vil det stå ei feilmelding i raudt om at de har 0 støttegenererande medlemmer for 2020, men dette kan de berre ignorere. I samandraget vil det også stå «Ikke medlem 31.12.2020» bak styremedlemmene. Feilmeldingane viser fordi de ikke bruker HyperSys som lokalt medlemsregister, og systemet difor ikkje finn noko medlemskap på desse personane. Desse feilmeldingane har ingenting å seie for rapporteringa til oss.

5. For å fullføre innleveringa må rapporten signerast av ein styremedlem som sat i styret per 31. desember 2020.

6. Du får opp eit varsel om at rapporten må signerast.

7. Trykk på den blå setninga for å for å starte verifiseringsprosessen.

 

8. Trykk på SMS

9. I neste vindauge kan du sjekke at korrekt mobilnummer er registrert for deg. Trykk deretter på Send pin-kode.

10. Tast inn den 6-sifra koden du mottek på SMS, og trykk Send.

11. Når du har verifisert med PIN-kode på SMS, vil du få opp melding om at verifiseringa er fullført. Du kan no signere rapporten nedst på sida. Kryss av for at informasjonen i årsrapporten er korrekt, og trykk Signer dokument.

12. Når du har fullført signeringa, vil du under Årsrapport i menyen kunne sjå at årsrapporten har status som sendt inn. Du kan når som helst gå inn her og klikke på den leverte årsrapporten for å sjå svara.

Står du fast? Ta kontakt på post@kunstforeninger.no eller 22 42 20 35.