Alle styremedlemmer i kunstforeiningane har tilgang til medlemssystemet HyperSys. Frå sin eigen brukarprofil kan ein velje kva informasjon ein ynskjer å motta frå Norske Kunstforeninger. Som styremedlem kan ein få tidsskriftet Kunst Pluss gratis, månadleg nyhendebrev og informasjon på e-post. Frå medlemssystemet kan ein også melde seg på arrangement.

For å kunne logge inn må kunstforeininga først ha lagt inn e-post og mobilnummer for styremedlemmene. Når det er gjort, kan alle logge inn med si personlege e-postadresse som brukarnamn.

Innlogging første gong

  1. Gå til https://kunstforeninger.hypersys.no/
  2. Trykk på «Glemt passord»
  3. Skriv inn di personlege e-postadresse som brukarnamn og trykk på «Send nytt passord»
  4. Du vil no motta ein e-post med ei lenke du skal klikke på for å opprette eit nytt passord. Lag eit nytt passord som du bruker neste gong du loggar inn. Dersom du ikkje mottek nokon e-post, sjekk søppelpostmappa.
  5. Når du har skrive inn brukarnamn og passord vil du få tilsendt ein innloggingskode på SMS, tast inn denne og trykk «Valider».
  6. Når du har logga inn, kan du under «Dynamiske felter» velje «Ja» på det du ynskjer å motta frå oss.
  7. Hugs også å leggje til postadresse dersom du vil ha Kunst Pluss tilsendt. Trykk på den blå knappen for å lagre endringar.

 

Alt er som standard sett til «Nei», endre til «Ja» for det du ynskjer å motta frå oss.

Når du har logga inn kan du trykkje på «Vår organisasjon» og «Organisasjonsprofil» i menyen. Her kan du sjå informasjonen som er registert om kunstforeininga. Du får ei oversikt over styremedlemmene som er registrert, og kan klikke deg inn på kvar enkelt for å leggje til opplysingar som manglar. Trykk på den blå knappen for å lagre endringar.

Det kan vere fint å gå gjennom dette i fellesskap på eit styremøte, slik at alle styremedlemmer som ynskjer å motta Kunst Pluss og e-post får logga seg inn og gjeve samtykke. Dersom ein ikkje melder frå i HyperSys, vil ein som standard ikkje motta noko.

Hjelp til innlogging og oppdatering

Detaljerte forklaringar til desse og fleire andre funksjonar, til dømes korleis du avløyser styret og legg til nye styremedlemmer, finn du i brukarrettleiinga. Du kan sjølvsagt også gjerne kontakte oss dersom du står fast, så hjelper vi deg. Du når oss på telefon 22 42 20 35 eller post@kunstforeninger.no