Juryen for Norske Kunstforeningers debutantpris 2020: Cathrine Terese Persson, Ida Haugland, Øyvind R. Kvarme og Espen Dietrichson. Foto: Lena Trydal

Kven fortener å motta Norske Kunstforeningers debutantpris på Høstutstillingen 2020? 14. september var juryen på plass på Kunstnernes Hus for å kåre ein vinnar blant dei 38 debutantane som i år deltek på utstillinga. Kva kunstnar som mottek prisen vil verte offentleggjort i samband med opninga av Høstutstillingen 19. september.

Sidan 2010 har Norske Kunstforeninger delt ut pris på 50 000 kroner til ein kunstnar som er debutant på Høstutstillingen. Juryen vel den kunstnaren dei synest har det mest interessante verket, og skriv ei grunngjeving. Formålet med prisen er å synleggjere og løfte fram yngre, uetablerte samtidskunstnarar i Noreg.

Prisen set også søkjelys på det viktige samspelet mellom samtidskunstnarar og kunstforeiningar. Ofte fungerer nettopp kunstforeiningane i landet, som eit springbrett for unge kunstnarar, og saman gjer dei ny kunst tilgjengeleg for publikum over heile Noreg. Frå oppstarten har prisen vorte tildelt svært ulike uttrykk og kunstnarskap, frå stillfarne teikningar, foto, tekstilkunst til video og større installasjonar. Fleire av prisvinnarane har i etterkant vist separatutstillingar i kunstforeiningar rundt om i Noreg. I 2019 var det Tiago Bom som mottok prisen for videoinstallasjonen República.

Høstutstillingen opna dørene for første gong i 1882, og er blant dei største scenene for samtidskunst i Noreg. Sidan starten har utstillinga vist utviklinga i samtidskunsten og vore ei utømmeleg kjelde til diskusjon om kunstnarisk kvalitet. Mykje god kunst har vorte refusert gjennom tidene, men utstillinga har sleppt til eksperimenterande og kontroversielle arbeid som ingen andre institusjonar ville ha vist. Mellom anna verk som viste nye tendensar og seinare vart toneangivande.

Eit lite glimt frå Høstutstillingen vert også vist i fleire kunstforeiningar, i form av eit program med videokunst frå utstillinga.

Årets jury for Norske Kunstforeningers debutantpris:

  • Øyvind R. Kvarme, nestleiar, Norske Kunstforeninger
  • Cathrine Terese Persson, dagleg leiar/intendant, Bodø Kunstforening
  • Ida Haugland, gallerileiar, Ålesund Kunstforening/Khåk Kunsthall
  • Espen Dietrichson, juryleiar, Den Nasjonale Jury 2020, Statens Kunstutstilling – Høstutstillingen

Norske Kunstforeningers debutantpris vert overrekt under den offisielle opninga av Høstutstillingen laurdag 19. september.