Jury for Norske Kunstforeningers debutantpris 2019 klar for innsats. Øyvind Kvarme, Cathrine Terese Persson, Ida Haugland og Julie Lillelien Porter.

I år er det tiande gongen Norske Kunstforeninger deler ut ein debutantpris på Høstutstillingen. 26. august var juryen samla på Høstuststillingen på Kunstnernes Hus for finne fram til ein kunstnar som fortener Norske Kunstforeningers debutantpris 2019.

Norske Kunstforeningers debutantpris er på 50 000 kroner, vert årleg delt ut til ein kunstnar som er debutant på Høstutstillingen. Juryen vel den kunstnaren dei synest har det mest interessante verket, og skriv ei grunngjeving. Formålet med prisen er å synleggjere og løfte fram yngre, uetablerte samtidskunstnarar i Noreg.

Prisen set også søkjelys på det viktige samspelet mellom samtidskunstnarar og kunstforeiningar. Ofte fungerer nettopp dei 151 kunstforeiningane i landet, som eit springbrett for unge kunstnarar, og saman gjer dei ny kunst tilgjengeleg for publikum over heile Noreg. Frå oppstarten har prisen vorte tildelt svært ulike uttrykk og kunstnarskap, frå stillfarne teikningar, foto, tekstilkunst til video og større installasjonar. Fleire av prisvinnarane har i etterkant vist separatutstillingar i kunstforeiningar rundt om i Noreg.

Høstutstillingen er blant dei største scenene for samtidskunst i Noreg. Sidan utstillinga opna dørene for første gong i 1882, har den vore elska og hata, både av kunstnarar, kritikarar og publikum. I 2019 kom det inn 2344 søknader til Høstutstillingen, og 74 kunstnarar er valt ut til å delta. Kvart år er om lag 25 000 publikummarar innom utstillinga.

Eit lite glimt frå Høstutstillingen vert også vist i kunstforeiningane, i år skal 12 kunstforeiningar vise eit videoprogram som i år er spesielt sett saman med tanke på formidling til barn og unge.

I 2019 består juryen for Norske Kunstforeningers debutantpris av:

  • Øyvind R. Kvarme, nestleiar, Norske Kunstforeninger
  • Cathrine Terese Persson, dagleg leiar/intendant, Bodø Kunstforening
  • Ida Haugland, gallerileiar, Ålesund Kunstforening/Khåk Kunsthall
  • Julie Lillelien Porter, jurymedlem, Den Nasjonale Jury 2019, Statens Kunstutstilling – Høstutstillingen

Norske Kunstforeningers debutantpris vert overrekt under den offisielle opninga av Høstutstillingen laurdag 7. september.