Kulturminister Abid Raja under framlegginga av kulturbudsjettet for 2021. Skjermbilete frå nett-sendinga til Kulturdepartementet.

Kulturbudsjettet for 2021 aukar med 3,7 milliardar kroner (18,7 %) til 23,6 milliardar kroner. Til samanlikning var auken i fjor på 850 millionar kroner eller 6,7 %. Men av auken for 2021 er heile 2,5 milliardar knytt til mellombelse stønadsordningar for kultur-, frivilligheit- og idrettssektorane i samband med covid-19-pandemien. 1185 millionar kroner skal gå til frivilligheit og idrett, medan 1065 millionar kroner skal gå til kultur. Løyvingane til koronaordningane gjeld for første halvår 2021. Det kjem ikkje fram i budsjettet korleis desse ekstramidlane skal fordelast.

Ei viktig sak i budsjettet for kunstforeiningane, er at det vert gjort grep som samlar kulturorganisasjonar som tidlegare har fått driftsstønad frå Kulturrådet og ulike andre postar, til tre nye postar på kulturbudsjettet. Dette skal bidra til auka likebehandling av tilskotsmottakarane. Organisasjonar og kompetansesenter, deriblant Norske Kunstforeninger, vert flytta til post 74. Kunsthallar og kunstforeiningar som tidlegare har fått driftsstønad vert flytta til post 75.

– Norske Kunstforeninger ser positivt på at regjeringa har sett behovet for ei større likebehandling av paraplyorganisasjonar og kompetansesenter, også innan det visuelle kunstfeltet. 150 kunstforeiningar er tilknytt Norske Kusntforeninger, og dreg nytte av arbeidet vårt for organisasjonsutvikling og auka kunstfagleg kompetanse. Kunstforeiningane er viktige formidlarar av samtidskunst her i landet, og Norske Kunstforeninger er «limet» for nettverket, uttaler Susanne Svenseid, direktør i Norske Kunstforeninger.

Oragnisasjonar flytta til nye postar i budsjettet

Norske Kunstforeninger og fleire andre paraplyorganisasjonar og kompetansesenter fekk i fjor anten kutt i driftsstønad eller varsel om utfasing frå Kulturrådet. Årsaka til dette er at Kulturrådet har evaluert driftsstønadsordninga, og meiner at desse organisasjonane bør forvaltast på ein annan måte.

Kulturrådet meinte ei flytting vil vere meir i tråd med medlemsdemokratiet, og gjere det mogleg for organisasjonane å arbeide politisk. Dei peika også på at fleire paraplyorganisasjonar har fått i oppgåve frå staten å vidarefordele til dømes momskompensasjon til medlemsforeiningane, og meinte difor det ville vere logisk at tildeling av grunnstønad og oppfølging av oppgåver kom frå same forvaltingsnivå. I budsjettsøknaden bad difor Kulturrådet om at desse organisasjonane skulle flyttast ut av driftsstønadsordninga i kulturfondet, og over på ei anna statleg stønadsordning, til dømes under fagadministrasjonen til Kulturrådet.

Dette forslaget går altså regjeringa inn for i budsjettforslaget, med opprettinga av post 74, der desse organisasjonane vert samla. I budsjettet står det at bakgrunnen for dette er at desse organisasjonane bør vurderast ut frå fleire kriterium enn kunst- og kulturfagleg skjønn. Målet er at endringane skal bidra til større likebehandling av tilskotsmottakarane og at ein skal kunne sjå liknande tiltak i samanheng på tvers av fagfelt. Kulturrådet får ansvaret for den administrative behandlinga av søknader og utbetaling av tilskot. Men det vil vere Stortinget som i budsjettforhandlingnae fastset dei endelege tilskota for kvar av organisasjonane. Norske Kunstforeninger har i budsjettet vorte føreslått med ein auke på 100 000 kroner for 2021.

– Kulturrådet valde å kutte driftsstønaden med heile 500 000 kroner for budsjettåret 2020, noko som har påført oss store utfordringar. Vi er glade for at det i statsbudsjettet no er lagt opp til ein auken i driftsstønaden for 2021 med 100 000 kroner. Vi vil likevel arbeide vidare for at driftsstønaden kjem opp på eit meir føreseieleg nivå, som før kuttet, slik at vi framleis kan utvikle tiltak overfor kunstforeiningane, som vil kome eit stort og samansett publikum i heile Noreg til gode, seier Susanne Svenseid.

I tillegg til organisasjonane som Kulturrådet gjekk inn for å flytte, vil dessutan Kulturdepartementet samle fleire andre institusjonar som mottek driftsstønad frå Kulturrådet under post 75. Blant kunstforeiningane gjeld dette Bergen Kunsthall, Kristiansand Kunsthall, Kunsthall Grenland, Kunsthall Stavanger, Oslo Kunstforening og Tromsø Kunstforening.

Endringane skal reindyrke Norsk kulturfond til prosjekt og tiltak som vert vurdert på kunst- og kulturfagleg grunnlag.

Opptrapping av momskompensasjon, men ikkje fullfinansiering

Kunstforeiningane kan som frivillige organisasjonar søkje om å få kompensert utgifter til meirverdiavgift på innkjøpte varer og tenester via tilskotsordninga om momskompensasjon for frivillige organisasjonar. Trass at midla i ordninga har auka kvart år sidan 2010, er ordninga framleis ikkje fullfinansiert. Regjeringa har i budsjettet føreslått ein auke på 119 millionar kroner, slik at den totale ramma i 2021 vert 1,8 milliardar kroner. Auken er i tråd med lovnadene i Frivillighetsmeldinga, men forslaget sikrar ikkje frivillige organisasjonar full momskompensasjon. Frivillighet Norge reknar med at det framleis vil mangle rundt 350 millionar kroner.

Frivillighet Norge har lenge sett krav til regjeringa om at ordninga må tilførast dei pengane som trengst for at organisasjonane skal få tilbake full momskompensasjon.

– No er frivilligheita veldig sårbar på grunn av koronapandemien. Vi veit at mange ikkje har kunne nytte dei stønadsordningane som har vore, og momskompensasjon er eit tiltak som når heile frivilligheita. Vi veit at fleire parti på Stortinget støttar kravet som full og regelstyret momskompensasjon, no forventar vi at dei også vil prioritere dette i budsjettarbeidet, uttaler generalsekretær i Frivillighet Norge Stian Slotterøy Johnsen i ei pressemelding.

 

Les meir: Heile kulturbudsjettet for 2021