Kulturminister Trine Skei Grande la fram kulturmeldinga på Vega Scene. Foto: Kulturdepartementet

Fredag 23. november presenterte kulturminister Trine Skei Grande den nye kulturmeldinga Kulturens kraft – Kulturpolitikk for framtida. I tillegg til kulturmeldinga publiserte Kulturdepartementet same dag to utgreiingar som går meir i detalj enn sjølve meldinga; ei utgreiing om samisk kunst og kultur, og ei om oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom forvaltingsnivåa på kulturområdet.

Meldinga er i hovudsak overordna og prinsipiell, om kva rolle kultur kan og bør ha. Få konkrete tiltak vert nemnde, og kunstforeiningane sin er ikkje omtalt spesielt. At kulturen skal vere tilgjengeleg over heile landet, er eit viktig poeng i meldinga:

Stabile rammevilkår for profesjonelle arrangørar og visningsstader over heile landet sikrar eit breitt og mangfaldig tilbod uavhengig av kvar ein bur. Ein infrastruktur av profesjonelle institusjonar som både skaper og formidlar kunst, er med på å gi publikum tilgang til kunstopplevingar og profesjonelle kunstmiljø over heile landet.

Meldinga legg stor vekt på den samfunnsbyggjande sida ved kulturen, og trekkjer fram kor viktig kultur er for å skape borgarar, som deltek aktivt i demokratiet. Kulturlivet vert omtalt som «ein arena for den openheita og kritikken som eit demokratisk samfunn er avhengig av».

– Kulturpolitikken må bidra aktivt til at alle får like moglegheiter til å uttrykke seg, og til å oppleve kunst og kultur av ypperste kvalitet. På denne måten kan kulturlivet fremme toleranse og forståing for andre menneske og skape rom for refleksjon og innsikt om verdiar og identitet. Gjennom deltaking blir ein vant til å møte eit mangfald av meiningar og ytringar. Å delta i kulturaktivitetar er viktig for den enkelte, sa kulturminister Trine Skei Grande under framlegginga.

– Noreg har fått ei ny kulturmelding. No vert det opp til regjeringa følgje opp med ein kulturpolitikk som er i tråd med kulturmeldinga. At kultur ikkje berre er eit krydder i kvardagen, men ein del av sjølve kjerna i samfunnsprosjektet. Dette stiller store krav til dei statlege styresmaktene, seier Susanne Svenseid, direktør i Norske Kunstforeninger.

Det frivillige kulturlivet som inngangsportal

Meldinga understrekar at det frivillige kulturlivet, som også kunstforeiningane er ein del av, har ei viktig rolle i Noreg. Difor meiner departementet at frivillige kulturorganisasjonane må sikrast med gode ordningar.

Det frivillige kulturlivet er inngangen til kulturlivet for mange. Noreg har eit vitalt og levande frivillig kulturliv. Eit sterkt frivillig kulturengasjement er ein nødvendig føresetnad for det profesjonelle kulturlivet. Det er tett samspel og glidande overgangar mellom det profesjonelle og det frivillige kulturlivet. Det må leggjast til rette for dette samspelet, og det frivillige kulturlivet må få gode rammevilkår.

Departementet vil også «vurdere verkemiddel som stimulerer til meir samspel mellom profesjonelle kunstnarar og det frivillige kulturlivet».

Stat versus fylke

Det var på førehand knytt spenning til om kulturmeldinga ville leggje opp til store endringar i kvar dei offentlege løyvingane skal kome frå. Ekspertutvalet for oppgåver til dei nye fylkeskommunane føreslo i sin rapport at fylka skulle overta ansvaret for regionale kulturinstitusjonar, medan Kulturdepartementet berre skulle ha ansvar for dei nasjonale institusjonane. Dette utløyste debatt, der institusjonar som ligg utanfor Oslo, meinte at deira samfunnsoppdrag vart redusert til regionalt, berre fordi dei ligg utanfor hovudstadsområdet. Fleire uttrykte uro over at ei flytting av midlar til fylkesnivå, ville føre til kutt i kulturtilskota, fordi kulturen ville måtte konkurrere med politikkområde som helse og utdanning.

I kulturmeldinga kjem det fram at Kulturdepartementet i tråd med utvalet sine tilrådingar ynskjer å gje fylkeskommunane større ansvar for kulturoppgåver på lokalt og regionalt nivå. Departementet sitt hovudargument for å overføre tiltak med lokal og regional forankring til fylkeskommunane, er nærleiken til forvaltningsnivået. Håpet er at overføringa skal føre til tettare oppfølging, utvikling og vekst, med utgangspunkt i lokale føresetnader og behov. Med ei sterkare lokal og regional forankring av kulturoppgåver, trur departementet at bruken og aktiviteten vil verte påverke, og at legitimiteten til offentleg kulturstønad vil auke.

Oppgåvene som er tenkt overført til fylkesnivå er «tilskotsmidlar til tiltak og arrangement som har sterk lokal og regional forankring, og som ikkje har ein etablert posisjon på nasjonalt nivå». Meldinga peiker på at det i nokre tilfelle kan vere naudsynt å halde fast på modellen med delt finansiering mellom stat og fylke, men at dette vil vere unntak.

Departementet konkluderer likevel med at enkelte ordningar må halde fram med å vere statlege, sidan nokre oppgåver treng eit nasjonalt overblikk, for å sikre at ein når dei overordna måla i kulturpolitikken. Dei ynskjer difor å i hovudsak å vidareføre Kulturrådet sin funksjon som i dag, der kulturfagleg skjønn ligg til grunn for ei samla vurdering søknader frå heile landet. I tillegg nemner meldinga spesielt at staten framleis skal ha ansvar for å vidareføre «tilskot til det arbeidet landsomfattande frivillige organisasjonar gjer for å styrkje og byggje opp under lokal og regional aktivitet».