Korleis såg fjoråret ut for kunstforeininga? Kor mange utstillingar arrangerte de, korleis gjekk kunstsalet, kvar mottok de stønad frå og kor stort publikum hadde de? Som ein del av medlemskapen i Norske Kunstforeninger er alle kunstforeiningane pliktige til å levere ein årleg statistikk.

Ved å levere statistikk for gjev de oss nyttig innsikt i drifta, behova og utfordringane til kunstforeiningane. Med eit godt talgrunnlag er det lettare for oss setje i gang målretta tiltak, som kjem flest mogleg kunstforeiningar til gode. Fristen for å levere statistikk er 1. juni.

Kva skal de levere?

Ha årsmeldinga og årsrekneskapen tilgjengeleg når du skal fylle ut statistikken, så er det raskt unnagjort. Desse dokumenta skal også lastast opp som vedlegg til skjemaet. Har de gjort endringar i vedtektene, kan også nye vedtekter lastast opp frå skjemaet.

Statistikken for 2018 er delt inn i fem ulike deler: Årsmelding, Utstillingar og aktivitetar, Støtte, Inntekter og Kommentarar/innspel.

Nokre av svara under Inntekter vil verte vidarerapportert til bruk i Kulturrådet sin bransjestatistikk Visuell kunst i tall. Desse spørsmåla er dei same kvart år og vert rapportert frå alle aktørar innan kunstfeltet, slik at ein over tid kan sjå tendensar og utvikling innan kunstmarknaden. Talmaterialet vert handsama konfidensielt, og vil i rapporten berre verte presentert på eit overordna nivå, slik at svara frå den enkelte kunstforeininga ikkje er sporbare. Dersom du har spørsmål til dette kan du kontakte Malin Olivia Dahlberg på malin.dahlberg@kunstforeninger.no eller telefon 22 42 20 35.

Levering av statistikk skjer i år via medlemssystemet HyperSys. Alle i styret, med unntak av varamedlemmer, har tilgang til å fylle ut årsrapport-skjemaet. Når alle felta er fylt ut, må skjemaet signerast digitalt av ein av styremedlemmene som sat i styret per 31. desember 2018.

Levering av årsrapport i HyperSys – steg for steg

3. Trykk på 2018 (Innkrevd) for å kome til skjemaet som skal fyllast ut.

4. Fyll ut alle felta, trykk Neste for å kome vidare. Merk at du maksimum kan laste opp ei fil for kvart av punkta årsmelding/årsrekneskap/vedtekter. Når alle sidene er fylt ut trykk på Send inn.

NB! Øvst vil det stå ei feilmelding i raudt om at de har 0 støttegenererande medlemmer for 2018, denne åtvaringa skal de ikkje bry dykk om. Dette er eit standardpunkt for årsrapportering i HyperSys som berre er relevant for barne- og ungdomsorganisasjonar som får offentleg stønad per registrert medlem. I samandraget vil det også stå at «Ikke medlem 31.12.2018» bak styremedlemmene, dette treng de heller ikkje bry dykk om. Det skuldast berre at de ikkje nyttar HyperSys som lokalt medlemsregistert, og difor finn ikkje systemet noko medlemskap på desse personane, og har ingenting å seie for rapporteringa til oss.

5. For å fullføre innleveringa må rapporten signerast av ein styremedlem som sat i styret per 31. desember 2018.

6. Du får opp eit varsel om at rapporten må signerast.

7. Trykk på den blå setninga for å for å starte verifiseringsprosessen.

8. Trykk på SMS

9. I neste vindauge kan du sjekke at korrekt mobilnummer er registrert for deg. Trykk deretter på Send pin-kode.

10. Tast inn den 6-sifra koden du mottek på SMS, og trykk Send.

11. Når du har verifisert med PIN-kode på SMS, vil du få opp melding om at verifiseringa er fullført. Du kan no signere rapporten nedst på sida. Kryss av for at informasjonen i årsrapporten er korrekt, og trykk Signer dokument.

12. Når du har fullført signeringa, vil du under Årsrapport i menyen kunne sjå at årsrapporten har status som sendt inn. Du kan når som helst gå inn her og klikke på den leverte årsrapporten for å sjå svara.