Brenn du for tydeleg kommunikasjon og har erfaring frå organisasjonsarbeid?
Norske Kunstforeninger søkjer ein kommunikasjons- og organisasjonsrådgjevar i 100 % fast stilling. Du vil arbeide med synleggjering av Norske Kunstforeninger sine tilbod overfor medlemsforeiningar, eksternt publikum og presse. Vi ventar at du har gode kommunikasjonsevner og kan produsere innhald for ulike kanalar og målgrupper. Stillinga inneber oppgåver knytt til medlemskontakt, gjennomføring av arrangement og prosjektoppfølging. Du må like å setje deg inn i nye saksfelt og problemstillingar, og kunne vidareformidle kunnskap på ein lettfatteleg måte.
Oppstart i stillinga 1. september. Søknadsfrist 26. april.
Arbeidsoppgåver:
- Nettredaktør
- Produsere tekst og visuelt innhald til nettsider, sosiale medium og nyhendebrev
- Tekstarbeid knytt til søknader, sakspapir og mindre trykksaker
- Pressearbeid og andre kommunikasjonsoppgåver
- Praktiske oppgåver knytt til arrangement
- Undersøkingar og analyse
- Rådgjeving og kontakt med medlemsforeiningar
- Supportfunksjon for medlemssystem
- Oppfølging av personvernrutinar
- Prosjektansvar
Kvalifikasjonar:
- Høgare utdanning innan journalistikk, kommunikasjon, organisasjons- eller administrasjonsfag
- God skriftleg framstillingsevne på bokmål, nynorsk og engelsk
- Svært god datakunnskap og teknisk forståing: erfaring med bruk av Microsoft Office 365, nettpubliseringsverktøy og medlemssystem
- Erfaring frå frivillige organisasjonar vert lagt vekt på
- Kjennskap til foto- og videoredigering i Photoshop/Premiere og produksjon av trykksaker i InDesign
- Interesse for og kunnskap om samtidskunstfeltet er ein fordel
Personlege eigenskapar:
- Strukturert og ryddig
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
- Stor arbeidskapasitet
- Positiv og serviceinnstilt
Vi tilbyr:
- Spanande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter avtale
- God pensjonsordning
Innsending av søknad
Søknadsfrist: 26. april 2021
Søknad og CV sender du til direktør Susanne Svenseid på e-post susanne.svenseid@kunstforeninger.no
Spørsmål om stillinga kan rettast til seniorrådgjevar Malin Olivia Dahlberg på malin.dahlberg@kunstforeninger.no eller mobil 902 28 168.
Om Norske Kunstforeninger
Norske Kunstforeninger er paraplyorganisasjon for 150 kunstforeiningar, kunstlag og kunsthallar. Kunstforeiningane er frivillige organisasjonar som sidan 1836 har sikra innbyggjarane i Norge moglegheit til å oppleve kunst. Formålet til Norske Kunstforeninger er å styrke kunstforeiningane i heile landet som attraktive visningsstader for samtidskunst, både for publikum og profesjonelle kunstnarar. Visjonen vår er «Kunst skaper samfunn».
Norske Kunstforeninger arbeider med kompetanseheving og organisasjonsutvikling i kunstforeiningsnettverket. Vi tilbyr workshopar og seminar, stønadsordningar, vandreutstillingar, rådgjeving og set i gang kompetansehevande tiltak. Norske Kunstforeninger arbeider for å synliggjere rolla og behova til kunstforeiningane, både innan kunstfeltet og frivillig sektor. Administrasjonen har fem tilsette og har kontor sentralt i Oslo.