Vi søkjer ein kommunikasjonsrådgjevar som skal arbeide med synleggjering av Norske Kunstforeninger sine aktivitetar overfor medlemsforeiningar, publikum og presse. Vi ventar at du har gode kommunikasjonsevner og kan produsere innhald for ulike kanalar. Av stillinga er 50 % definert som redaktør for tidsskriftet Kunst Pluss. Redaktøren legg i samråd med redaksjonsrådet ein plan for innhaldet for kvar utgåve. Du vil vere ansvarleg for bestilling av tekstar, oppfølging av skribentar, designarar og trykkeri. Stillinga inneber også budsjettansvar for Kunst Pluss. Andre arbeidsoppgåver kan verte tillagt stillinga.

Stillinga er eit svangerskapsvikariat i 100% frå midten av november 2019 til 13. september 2020, med moglegheit for forlenging. Søknadsfrist 22. september 2019.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Nettredaktør
  • Produsere og vedlikehalde tekst og visuelt innhald til nettsider, sosiale medium og nyhendebrev
  • Tekstarbeid knytt til andre publikasjonar og søknader
  • Andre kommunikasjonsoppgåver
  • Prosjektleiing: vidareutvikling og oppfølging av produksjon av videokampanje
  • Redaktør for Kunst Pluss: ansvar for innhald, produksjon og budsjett
  • Kontakt med og oppfølging av eksterne skribentar, annonseseljar og designar
  • Pressearbeid

 

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning innan journalistikk eller kommunikasjon. Relevant erfaring kan kompensere manglande formell utdanning.
  • God teknisk innsikt og gode datakunnskapar (Microsoft Office, nettpubliseringsverktøy, Adobe-pakken)
  • Erfaring med videoproduksjon for nett
  • Interesse for og kunnskap om samtidskunstfeltet er ein fordel
  • God skriftleg framstillingsevne på nynorsk, bokmål og engelsk

 

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert og ryddig
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Stor arbeidskapasitet
  • Positiv og serviceinnstilt

 

Vi tilbyr:

  • Spanande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale

 

Søknad med CV sender du på e-post til direktør Susanne Svenseid susanne.svenseid@kunstforeninger.no seinast 22. september.

Spørsmål om stillinga kan rettast til rådgjevar Malin Olivia Dahlberg på malin.dahlberg@kunstforeninger.no eller 22 42 20 35 / 419 34 188.

 

Om Norske Kunstforeninger

Norske Kunstforeninger er paraplyorganisasjon for 151 kunstforeiningar, kunstlag og kunsthallar. Formålet til organisasjonen er å styrke kunstforeiningane i heile landet som attraktive visningssteder for samtidskunst, både for publikum og profesjonelle kunstnarar. Visjonen vår er «Kunst skaper samfunn».

Norske Kunstforeninger arbeider med kompetanseheving og organisasjonsutvikling i kunstforeiningsnettverket. Vi tilbyr workshopar og seminar, stønadsordningar, vandreutstillingar, rådgjeving og set i gang kompetansehevande tiltak. Norske Kunstforeninger arbeider for å synliggjere rolla og behova til kunstforeiningane, både innan kunstfeltet og frivillig sektor.

Fagtidsskriftet Kunst Pluss har tre årlege utgjevingar og inneheld intervju og artiklar om aktuelle problemstillingar innan kunstfeltet. Kunst Pluss skal auke kunnskapen om samtidskunstfeltet og løfte fram gode prosjekt i kunstforeiningane til inspirasjon for andre. Tidsskriftet vert distribuert til styremedlemmer i kunstforeiningane og er til sals i Narvesen.