På studiobesøk hos Lars Ramberg. Foto: Norske Kunstforeninger

I 2018 er det 40 år sidan Norske Kunstforeninger vart stifta. Jubileet har vi valt å feire med ein studietur, som tok oss med tilbake til kunstforeiningsrøtene i Tyskland, men også med håp om å knyte nye band til notidas tyske kunstforeiningar.

26.–29. april var 90 deltakarar frå kunstforeiningar i heile Noreg med på tur til Berlin og Dresden. Studieturen vart sparka i gang med mottaking i Den norske ambassaden i Berlin. Der fekk publikum både med seg eit fagprogram og ein performance av Hanne Lippard. I tillegg til velkomsthelsing frå ambassaderåd Narve Solheim, og innleiing frå kurator Helga Marie Nordby, innheldt fagprogrammet ein introduksjon om Norske Kunstforeninger ved fungerande styreleiar Mona Aarø, ein introduksjon om historia til tyske kunstforeiningar ved styreleiar Meike Behm i ADKV, og ein samtale om den norske kunstscena i Berlin ved kunstnar Knut Henrik Henriksen og kurator Eli Skatvedt.

Dag to reiste vi til Dresden, og med oss på bussane hadde vi kunsthistorikarane Gunnar Danbolt og Frithjof Bringager som entusiastiske guidar. På kunstakademiet i Dresden der vi fekk ein introduksjon til akademiet si historie og arkitektur ved rektor Matthias Flügge, og ei førelesing frå Gunnar Danbolt om J.C. Dahl og kunstforeiningane sin framvekst i Noreg. I tillegg besøkte vi kunstforeininga Riesa Efau Kultur Forum Dresden, der Frank Eckhardt gav oss eit innblikk arbeidet deira, som er fundert i eit sterkt engasjement for lokalsamfunnet.

Laurdag 29. april var vi så heldige at fire fantastiske kunstnarar opna studioa sine for besøk: Bente Stokke, Olav Christopher Jenssen, Studio Olafur Eliasson og Lars Ramberg. Studieturen vart avslutta med ei mottaking og fest i kunstforeininga Haus am Lützowplatz, med introduksjon av kunstnarisk leiar Marc Wellman og utstillinga Grosses Gesichtsfeld av Heiner Franzen.

Vi vil gjerne takke alle involverte som gjorde denne studieturen mogleg, og ein stor takk til alle deltakarane som bidrog med engasjement og godt humør!

Dersom du vil sjå fleire foto frå studiereisa finn du dei på Facebook-sida til Norske Kunstforeninger.

Mottaking i Den norske ambassaden, fungerande styreleiar Mona Elin Aarø heldt ein presentasjon av Norske Kunstforeninger. Foto: Norske Kunstforeninger

Kunstakademiet i Dresden, der rektor Matthias Flügge fortalde om historia og akriktekturen. Foto: Norske Kunstforeninger

I utstillingslokala til Kunstakademiet i Dresden, der spora etter bombinga under krigen var synlege i arkitekturen. Foto: Norske Kunstforeninger

Frank Eckhardt frå Riesa Efau Kultur Forum Dresden gav ein introduksjon om det spanande arbeidet til denne sosialt engasjerte kunstforeininga. Foto: Norske Kunstforeninger

På studiobesøk hos Bente Stokke. Foto: Norske Kunstforeninger

Mottaking i Haus am Lützowplatz. Foto: Norske Kunstforeninger