4. november deltok Norske Kunstforeninger i høring om statsbudsjettet for 2022 hos Familie- og kulturkomiteen på Stortinget. Nestleder i styret, Stein Helge Mandelid og direktør Susanne Svenseid la i høringen vekt på at kunstforeningene er en viktig del av infrastrukturen og næringskjeden på det visuelle kunstfeltet.
Norske Kunstforeninger la også vekt på å styrke kunstforeningene som visningssteder og møtesteder, der kunst kan bidra til refleksjon, felleskap, identitetsbygging og er en viktig bidragsyter i å skape gode lokalsamfunn.
Les hele innlegget lenger ned
Norske Kunstforeningers innlegg i høring om statsbudsjettet 2022 i kultur- og familiekomiteén på stortinget 4. november 2021:
Norske Kunstforeninger ber om at budsjettet for 2022 vert auka til minimum same nivå som i 2019, slik at me kan oppretthalde god drift og gje det frivillige kunstforeiningsnettverket høve til kompetanseheving og omstilling.
Norske Kunstforeninger er ein paraplyorganisasjon og eit kompetansesenter for 150 kunstforeininger og kunsthaller, fordelt på 148 kommunar i 11 fylker.
Formålet vårt er å styrkja kunstforeiningane som attraktive visningsstader for samtidskunst, både for publikum og profesjonelle kunstnarar.
Kunstforeiningane er frivillige organisasjonar som sidan 1836 har sikra befolkninga i Noreg tilgang til visuell kunst. Medlemsdemokratiet i kunstforeiningane slepp til eit breitt spekter av stemmer og uttrykk på kunstfeltet.
Me ynskjer å vera med å styrke kunstforeiningane sitt arbeid for å skape møtestadar der kunst kan bidra til refleksjon, fellesskap, identitetsbygging og å vera med på skape gode lokalsamfunn.
Budsjettet til Norske Kunstforeninger vart for 2020 kutta med ein halv million kroner. Kuttet var ikkje grunngjeve i ei fagleg vurdering av drifta, men med Kulturrådet si gjennomgang av og ynskja omstrukturering av driftsstøtteordninga.
For inneverande budsjettår fekk me ein auke på 100.000 kroner. For budsjettåret 2022 søkte me om 5,8 millionar kroner, men i Solberg-regjeringa sitt siste budsjett er det foreslått 5.2 millionar. Altså ein auke på berre 100.000 kroner frå inneverande år.
Dette får store konsekvensar og me er bekymra for om me klarar å oppretthalde og vidareutvikla drifta vår på det nivå som trengs.
I åra før kuttet fekk me i snitt ei årleg auke i driftsstøtta på 1,5%, medan konsumprisindeksen i same periode steig i gjennomsnitt med 2,35% per år.
Etter kuttet i 2020 og med ein svært beskjeden auke for inneverande år, dekkjer ikkje budsjettet vårt kostnader til heilt nødvendig kompetanseheving, publikumsutvikling og rekruttering i kunstforeiningane. No er me avhengig av prosjektmidlar frå eksterne finansieringskjelder og har mottatt midlar som har ført til at me har kunne søkje gåveforsterkningsordninga.
Gjennom dei fem siste åra har me mottatt like over 1 million kroner (1.041.000 kroner) gjennom ordninga, som den nye regjeringa no vil skrote.
Om ordninga vert skrota, må det kompenserast med auke i statlege midlar.
Kunstforeiningane er ein viktig del av infrastrukturen og næringskjeda på det visuelle kunstfeltet, der mange av landet sine kunstnarar viser og sel arbeida sine. Kunstforeiningane er slik sett ein betydeleg del av kunstnarøkonomien.
Me ber difor om at den nye regjeringa forstår det viktige arbeidet vi gjer .
Vår visjon er : ”Kunst skaper samfunn”!
Norske Kunstforeninger har mange samanfallande interesser med den nye regjeringa – den aller viktigaste er at me skal leggje til rette for at kunst og kultur av høg kvalitet skal opplevast der du bur!
Difor må Norske Kunstforeninger styrkjast, ikkje byggjast ned.
Takk for merksemda!