Arild Våge Berge, The Gravity Of a Lake Focused into One Point (2), skrutvinge, skissemateriale frå kunstnarbok av Arild Våge Berge, dokument frå Sveinung Oddvar Berge sitt private arkiv, restar etter deminingkonstruksjon frå Tussavatnet, Bjørke, Sunnmøre (juni 1980), stein frå demningområdet ved Tussa Kraftverk (sept 2015), tørka leire frå Tverrelvdalen, støv borra ut av steinar og restar av demningkonstruksjon, pulverisert saltkrystall henta ut av adkomst-tunnelen til Tussa Kraftverk (nov 2016) 270× 170× 40cm Foto: Vegard Kleven/NBK

Arild Våge Berge mottek Norske Kunstforeningers debutantpris 2018 for verka The Gravity of a Lake Focused Into One Point (2) og Unstable Monuments 1. Juryen peikar på at kunstnaren nyttar forholdet til sin eigen familie til å stille spørsmål ved historia, og korleis me forstår og nyttar naturen. Verket pirkar i vår eiga nasjonalkjensle, og bokstaveleg talt tvingar oss til å tenkje kultur og natur saman.

Norske Kunstforeningers debutantpris på 50 000 kroner vert årleg delt ut til ein debutant på Statens Kunstutstilling – Høstutstillingen. Formålet med prisen er å løfte fram og synleggjere yngre, uetablerte samtidskunstnarar i Noreg. Prisen set også søkjelys på det viktige samspelet mellom samtidskunstnarar og kunstforeiningar. Ofte fungerer nettopp kunstforeiningane som eit springbrett for unge kunstnarar, og saman gjer dei ny kunst tilgjengeleg for publikum over heile Noreg.

Arild Våge Berge fortel at pulsen steig raskt då han fekk telefonen om at han er tildelt prisen.

– Først kjende eg på ei stor glede. Eg synest det er kjekt å verte sett, på trass av at arbeidet mitt visuelt sett er ganske grått og flatt – men det ruvar tydelegvis likevel nok til at det vert lagt merke til. Eg er veldig takknemleg, dette er ei god moglegheit til at kunsten min kan verte sett av fleire.

Skulpturane tek utgangspunkt i kunstnaren si eiga familiehistorie. Farfaren leidde utbygginga av Tussa vasskraftverk i Hjørundfjorden på 1960-talet, og var dermed med på å endre det sunnmørske landskapet. Kunstnaren kombinerer materiale frå farfaren sitt private arkiv og objekt frå kraftstasjonen med eige materiale, og skaper slik eit kunstverk som rommar tema som fotografi, teknologi, landskap og familiehistorie.

Juryen skriv dette om verket i grunngjevinga si:

Verket som er tildelt Norske Kunstforeningers debutantpris 2018 er kanskje ikkje det som roper høgst, men som elegant og poetisk klarar å samanfatte fleire tematiske tendensar i Høstutstillingen i år. Dei to skulpturane består av notatbøker, kart, foto – personleg arkivmateriale frå kunstnaren sin eigen bestefar – og restar frå demningar frå vasskraftverk på Vestlandet, som vert pressa saman av tvinger. Denne nærast brutale handlinga held, både fysisk og metaforisk, saman ei rekke motsetningsforhold. Det harde og det sarte, det subjektive og det objektive og ikkje minst kultur og natur. Kunstnaren har teke utgangspunkt i forholdet til sin eigen familie og brukar dette til å stille spørsmål ved historia, korleis me både forstår og nyttar naturen, og pirkar samstundes i vår eiga nasjonalkjensle. I Unstable Monuments 1 og The Gravity of a Lake Focused Into One Point 2 vert me –  bokstaveleg talt – tvinga til å tenke kultur og natur saman.

Til Høstutstillingen 2018 kom det inn 1919 søknader. 110 verk av 82 kunstnarar/kunstnargrupper er plukka ut til å delta, og av kunstnarane er heile 55 debutantar på Høstutstillingen.

Prisvinnar Arild Våge Berge. Foto: Norske Kunstforeninger

Arild Våge Berge, Unstable Monuments 1, Skrutvinge, gneisfragment, dokument frå Sveinung Oddvar Berge sitt private arkiv, dokument frå Arild Våge Berge sitt private arkiv. 20×50× 20cm Foto: Vegard Kleven/NBK

Med familiehistorie og vasskraftutbygging som inspirasjon

Arild Våge Berge fortel at kjernen i prosjektet er friksjonen mellom kunstnar- og ingeniøryrket. Der familien kanskje såg føre seg at også han skulle verte ingeniør og arbeide innan vasskraft, valde han i staden å verte kunstnar. Før farfaren døydde hadde dei fleire samtalar om arbeidet med vasskraftutbygginga, utan at det då var ein klart formulert tanke at ingeniørvirket til farfaren seinare skulle verte grunnlagsmateriale for eit kunstprosjekt.

– Farfar ville truleg syntest at det var rart, men ville nok også kjent på ei form for stoltheit over at det vart vist på ein slik arena, sjølv om han kanskje også ville opplevd det som litt konfronterande og ikkje heilt uproblematisk.

Og sjølv om kunstnaren ser den negative påverknaden kraftutbygginga har hatt på naturen, så ser han verket sitt både som ei heidring av ingeniørarbeidet og ein kritikk på same tid. Det same verket har også resultert i kunstnarboka The Gravity of a Lake Focused Into One Point – Process and Archive utgjeve på Topos Bokforlag i 2018. I januar 2019 vil dessutan verk frå prosjektet verte vist i større omfang på Møre og Romsdal Kunstsenter.

– Eg kjenner allereie at prisen har gjeve meg styrka sjølvtillit, det er med på å styrke ei retning som har eg lyst til å halde fram med. Det vert ei stadfesting på at det eg gjer også har interesse for andre. Eg får lyst til å arbeide vidare med skulpturar og familiehistorie, dette er tematikk som har potensial til å resonnere i eit større rom, det handlar om forgjengelegdom og dødelegheit, og familierelasjonar som kan vere både fine og vanskelege.

Prisen vert overrekt under den offisielle opninga av Høstutstillingen laurdag 8. september på Kunstnernes Hus i Oslo.

Arild Våge Berge (f. 1983) kjem frå Ørsta, men bur og arbeider i Oslo. Han har ein bachelorgrad i fotografi og ein mastergrad i kunst frå Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen. Den kunstnariske praksisen hans inkluderer fotografi, skulptur, tekst og video, og utforskar tematikk knytt til arkiv, teknologi, landskap og familiehistorie. Han har sidan avslutta utdanning i 2017, delteke på fleire utstillingar, og skal mellom anna ha separatutstilling på Møre og Romsdal Kunstsenter og delta på Vestlandsutstillinga i 2019. I tillegg har han arbeidd som koordinator for masterprogrammet i kunst ved Fakultet for kunst, musikk og design i Bergen der han no også jobbar som vitskapeleg assistent i prosjektet Topograhies of the Obsolete.

 

I 2018 har juryen for Norske Kunstforeningers debutantpris bestått av:

  • Øyvind R. Kvarme, styremedlem, Norske Kunstforeninger
  • Cathrine Terese Persson, daglig leder/intendant, Bodø Kunstforening
  • Ida Haugland, gallerileder, Ålesund Kunstforening/Khåk Kunsthall
  • Marte Aas, jurymedlem, Den Nasjonale Jury 2018, Statens Kunstutstilling – Høstutstillingen

Arild Våge Berge, The Gravity Of a Lake Focused into One Point (2), skrutvinge, skissemateriale frå kunstnarbok av Arild Våge Berge, dokument frå Sveinung Oddvar Berge sitt private arkiv, restar etter deminingkonstruksjon frå Tussavatnet, Bjørke, Sunnmøre (juni 1980), stein frå demningområdet ved Tussa Kraftverk (sept 2015), tørka leire frå Tverrelvdalen, støv borra ut av steinar og restar av demningkonstruksjon, pulverisert saltkrystall henta ut av adkomst-tunnelen til Tussa Kraftverk (nov 2016) 270× 170× 40cm Foto: Vegard Kleven/NBK