I dag lanserer Kulturrådet rapporten Kunst i tall, som viser den samla omsetnaden innan kunstfelta litteratur, musikk, visuell kunst og scenekunst. Totalt har dei fire ulike kunstfelta ein totalt omsetnad på 13,7 milliardar kroner i 2016. For den visuelle kunsten har ein sidan 2014 sett ein årleg vekst på i snitt 12 %.

Kulturrådet etablert denne årlege statistikken for å kunne følgje utviklinga av kunstbransjane i Noreg over tid. Undersøkinga skal gje overblikk over bransjane og gje kunnskap om nyare utviklingstendensar. Prosjektet er eit samarbeid mellom Kulturdepartementet og Kulturrådet, og vert gjennomført av Rambøll Mangement Consulting.

Kartlegging av den visuelle kunsten

Undersøkinga vart for første gong gjennomført for visuell kunst i 2016. Over tid vil ein få dokumentert overordna trekk ved det visuelle kunstfeltet, og sjå korleis omsetnaden utviklar seg og korleis ulike segment varierer over tid. Målet er at statistikken skal vere relevant for kunstbransjen sjølv, og at den kan danne eit godt kunnskapsgrunnlag for mellom anna politiske avvegingar på kunstområdet.

Talmaterialet for det visuelle kunstfeltet er henta inn frå fleire ulike kjelder innan kunstbransjen. Norske Kunstforeninger er blant dei kunstinstitusjonane og -organisasjonane har bidrege med statistikk og innspel til kartlegginga.

Eksport gav auke i 2016

For det visuelle kunstfeltet viser rapporten at den samla omsetninga i 2016 var på 2,18 milliardar kroner i 2016, mot 1,92 milliardar i 2015. Sidan 2014 har den årlege veksten i omsetnad i snitt vore på 12 %. Den totale omsetnaden er basert på tal for tre hovudkategoriar: inntekter ved sal av kunst, visingsinntekter og kunstrane sine opphavsrettsinntekter.

Hovuddelen av omsetnaden består av sal av kunst med 2,03 milliardar kroner mot 1,78 milliardar kroner i 2015. Veksten i salsinntekter for 2016 skuldast ein stor auke i eksportinntektene, medan salsinntektene i den norske marknadene faktisk går litt tilbake samanlikna med 2015. Galleri og kunsthandlarar er den klart største aktøren, med 73 % av kunstmarknaden. Kunstforeiningar og kunstsenter hadde ein omsetnad på 30 millionar kroner i 2016 ved sal over 2000 kroner, og har ein årleg gjennomsnittsauke på 4 %. Men dei er ein liten aktør på marknaden, og har berre 4 % av det samla kunstsalet.

Stabile medlemskapsinntekter

Visingsinntektene omfattar billettinntekter, inntekter frå omvisingar, utleige av kunst og inntekter frå medlemskap dersom det gjev redusert eller gratis inngang til utstillingar. Billettinntektene utgjer 70 % av visingsinntektene på 107, 5 millionar kroner, og kunstmusea står for heile 99 % av alle billettinntektene.

Medlemskapsinntektene held seg stabile i periode 2014–2016, men utgjer berre 6 % av dei totale visingsinntektene. Kunstforeiningane står for 49 % av medlemskapsinntektene i 2016. I 2015 var andelen 69 %, og dermed er det kunstmusea sine venneklubbar som står for auken i medlemskapsinntekter. Inntekter frå medlemskap er berre teke med dersom det gjev redusert eller gratis inngang til utstillingar. Dermed er ikkje medlemskapsinntekter frå kunstforeiningar som har gratis entré for alle inkludert i desse tala.

Nytt av året er også tal frå Den kulturelle skolesekken (DKS) inkludert i talmaterialet. Oversikta viser at i snitt er det 14 % av midlane i DKS som går til visuell kunst. Rogaland er det fylket som har brukt mest DKS-midlar på visuell kunst i 2016. For ein del av dei fylka som har små totalløyvingar til DKS, utgjer likevel visuell kunst ein ganske stor del av den totale formidlinga, til dømes i Nordland, Østfold, Oppland og Nord-Trøndelag.