Øyvind Rongevær Kvarme er nestleiar i Norske Kunstforeninger. Foto: Christina Undrum Andersen

Nestleiar i Norske Kunstforeninger, Øyvind Rongevær Kvarme, er eit av 23 unge talent frå frivillig sektor som er plukka ut til å delta i Dannelsesprogrammet til Sparebankstiftelsen DNB. Programmet er eit leiings- og filosofiprogram som Sparebankstiftelsen DNB gjev som påskjøning og inspirasjon til folk som har eit verv eller jobbar i frivillig sektor.

– Eg er takknemleg og audmjuk, det kjennest som å få ei gåve ein ikkje visste at ein trong. Eg kjenner meg utvald, det er ei stadfesting på andre set pris på det du gjer. Samstundes er det litt vanskeleg å seie så tidleg kva det å verte utvald til programmet vil tyde for meg, seier Øyvind Rongevær Kvarme.

Gjennom programmet skal deltakarane få ein solid ballast for å kunne større leiarskap. Dei skal verte inspirert til refleksjon og utvikling, gjennom formidling av mellom anna historie og filosofi.

– Hovudformålet er todelt. Det er for det første ei påskjøning for stor innsats i den organisasjonen dei kjem frå, og i tillegg er fleire av desse gode rollemodellar for barn og unge. Fleire deltakarar er valt frå frivillige organisasjonar der dei jobbar med å aktivisere barn og unge på fritida. Det vere seg som turleiar for DNT eller danseinstruktør i Soul Sessions, fortel Sissel Karlsen, gåvesjef i Sparebankstiftelsen DNB.

Som å vere deltakar i ein superheltfilm

Øyvind Rongevær Kvarme har sidan 2014 vore tilknytt Heimdal Kunstforening, både som tilsett i deltidsstilling og som styremedlem. Frå 2016 har han også hatt verv i Norske Kunstforeninger sentralt, og han er no nestleiar i styret. Kvarme har ein mastergrad i kunsthistorie frå NTNU, er frilansskribent for ArtScene Trondheim, og jobbar til dagleg som kommunikasjonsmedarbeidar og museumspedagog på Trondheim kunstmuseum.

– Korleis opplevde du utveljingsprosessen?

– Det var veldig stas å verte nominert. Samstundes visste eg ikkje heilt under intervjuprosessen kva Sparebankstiftelsen DNB eigentleg var ute etter. Så eg enda opp med å snakke om kunstforeiningsnettverket og tema eg sjølv synest er viktige og interessante, både personleg og fagleg.

Allereie i august samla Dannelsesprogrammet alle deltakarane til eit felles informasjonsmøte i Oslo.

– Det kjendest litt som me var med i ein superheltfilm, der ein mystisk organisasjon hadde samla unge med spesielle evner, for å lage eit slags superteam. Som, ved å kombinere sine respektive evner, potensielt skal kunne redde verda. Ein del av plotet er jo sjølvsagt at me å lære oss kva desse evnene er og korleis me best kan bruke dei.

Dannelsesprogrammet skal vere både ein intellektuell og personleg utviklingsprosess. Førelesarane skal ta deltakarane med på ei reise i den humanistiske arven, gjennom ulike historiske epokar, hendingar og idear og relatere dette til moderne leiingsteori for å setje deltakarane si eiga utvikling og samfunnsutviklinga inn i ein større samanheng.

– Ut frå det vi har høyrt om programmet så langt, så verkar det som at det kjem til å gå grundig til verks, ikkje berre skrape på overflata av litt leiingsteori, men verkeleg lodde i djupna. Då eg gjekk frå infomøtet tenkte eg at dette er for godt til å vere sant. Ein får ei uventa gåve, utan nokon baktankar om at ein skal gje noko tilbake.

Vert invitert via sin organisasjon

Gjennom Facebooksida til Sparebankstiftelsen DNB vert organisasjonar oppfordra til å søkje Dannelsesprogrammet. Stiftinga prioriterer organisasjonar av ein viss storleik og ikkje lokale klubbar. Leiaren av organisasjonane som vert prioritert, får invitasjon til å kome til eit informasjonsmøte i Oslo.

– Der orienterer vi om innhaldet i programmet og oppfordrar dei til å spele inn to kandidatar som fortener denne påskjøninga og som vil ha nytte og glede av programmet. Vi får spelt inn ca. 50 kandidatar. Dei vert invitert til oss til eit intervju og på grunnlag av intervjuet og CV set vi saman ei gruppe på inntil 25 personer, seier Sissel Karlsen.

I år var Norske Kunstforeninger blant organisasjonane som vart invitert til informasjonsmøtet og til å melde inn aktuelle kandidatar.

– Vi vel ut kandidatar som har eit samfunnsengasjement og som har vist eit spesielt stort engasjement i den organisasjonen dei er valde frå. Vidare er dei i alder 25–35 år, dei ynskjer å delta på programmet og dei forpliktar seg til å stille på alle samlingane og bidra med sin kunnskap og sitt engasjement, utdjupar Karlsen.

I 2019 vart til slutt 23 personar frå 19 ulike frivillige organisasjonar valde ut til å delta. Det er eit stort spenn i kva type organisasjonar som er representert. Her finn vi kulturaktørar som Norske Kunstforeninger og Det Norske Teateret, idretts- og friluftslivorganisasjonar, Røde Kors og miljøorganisasjonar som ByBi, Spire og Økologisk Norge.

Første samling vert halde i Firenze i Italia i oktober.

Sju samlingar over to år

Dannelsesprogrammet er sett saman av sju samlingar, og går føre seg både i Italia, Danmark og Noreg. Første samling er i Toscana, der deltakarane vert inspirert av mellom anna Michelangelo, da Vinci og Dante. Dei neste samlingane er i Oslo, der deltakarane får inspirasjon gjennom tema rundt Kristiania-bohemen, Henrik Ibsen og Fridtjof Nansen. Den siste samlinga er i Roma.

På kvar samling vert det henta det inn ein ekstern bidragsytar av nasjonalt format som deler sine erfaringar innan det temaet som vert drøfta. Alle deltakarane får også tilbod om ein mentor etter at samlingane er avslutta.

– Dei som har delteke på tidligare kurs, ca. 100 personar er heilt eintydige. Dei har fått eit stort påfyll både fagleg og mentalt. Dei har fått moglegheit til å reflektere over kven dei er, kvar dei står og kva dei har lyst til å ta tak i ved seg sjølv. Dei har fått ei gåve for livet med eit stort nettverk av likesinna, eigenutvikling som menneske og nokre også som leiarar, seier gåvesjefen.

– Kva programpostar gler du deg mest til?

– No ser eg fram til samlinga i Firenze i haustferien. Eg har ikkje vore der tidlegare, men som kunsthistorikar er det sjølvsagt eit svært interessant reisemål, seier Kvarme.

– Kva håper du å få ut av deltakinga?

– Eg håper å lære noko om meg sjølv, om styrker og svakheiter, og få meir kunnskap som kan kome til nytte i både jobb og organisasjonsliv. Ein tidlegare deltakar fortalde at ho hadde vorte tydlegare på kva ho ville i livet, og korleis ein kan bruke seg sjølv – eg håper på å få ei liknande innsikt, avsluttar Øyvind Kvarme.