Norske Kunstforeninger har sidan 2010 delt ut ein debutantpris på Høstutstillingen. 31. august var årets jury på plass på Kunstnernes Hus for å vurdere kven av kunstnarane på Høstutstillingen som fortener Norske Kunstforeningers debutantpris 2018.
Norske Kunstforeningers debutantpris er på 50 000 kroner, vert årleg delt ut til ein kunstnar som er debutant på Høstutstillingen. Juryen vel den kunstnaren dei synest har det mest interessante verket, og skriv ei grunngjeving. Formålet med prisen på er å synleggjere og løfte fram yngre, uetablerte samtidskunstnarar i Noreg.
Prisen set også søkjelys på det viktige samspelet mellom samtidskunstnarar og kunstforeiningar. Ofte fungerer nettopp dei 153 kunstforeiningane i landet, som eit springbrett for unge kunstnarar, og saman gjer dei ny kunst tilgjengeleg for publikum over heile Noreg. Frå oppstarten har prisen vorte tildelt svært ulike uttrykk og kunstnarskap, frå stillfarne teikningar, foto, tekstilkunst til video og installasjonar. Fleire av prisvinnarane har i etterkant vist separatutstillingar i kunstforeiningar rundt om i Noreg.
Høstutstillingen er blant dei største scenene for samtidskunst i Noreg. Sidan utstillinga opna dørene for første gong i 1882, har den vore elska og hata, både av kunstnarar, kritikarar og publikum. Kvart år er om lag 25 000 publikummarar innom utstillinga. I 2018 kom det inn drygt 2000 søknader frå kunstnarar som ynskte til å delta på Høstutstillingen. Eit lite glimt frå Høstutstillingen vert også vist i kunstforeiningane, i år skal 11 kunstforeiningar vise eit spesielt samansett videoprogram.
I 2018 består juryen for Norske Kunstforeningers debutantpris av:
- Øyvind R. Kvarme, styremedlem, Norske Kunstforeninger
- Cathrine Terese Persson, daglig leder/intendant, Bodø Kunstforening
- Ida Haugland, gallerileder, Ålesund Kunstforening/Khåk Kunsthall
- Marte Aas, jurymedlem, Den Nasjonale Jury 2018, Statens Kunstutstilling – Høstutstillingen
Norske Kunstforeningers debutantpris vert overrekt under den offisielle opninga av Høstutstillingen laurdag 8. september.
Tidlegare prisvinnarar:
- 2017: Anna Christina Lorenzen
- 2016: Karin Blomgren
- 2015: Sebastian Makonnen Kjølaas
- 2014: Heidi Kennedy Skjerve
- 2013: Susanne Kathlen Mader
- 2012: Marthe Elise Stramrud
- 2011: Serhed Waledkhani
- 2010: Gunvor Nervold Antonsen