Har de hatt årsmøte og valt nytt styre i kunstforeininga? Det er viktig at de så snart som mogleg etter årsmøtet loggar inn i medlemssystemet HyperSys og registrerer nye opplysingar. I HyperSys avløyser de det gamle styret med det nye, og oppdaterer hovudkontaktinformasjonen til kunstforeininga.

Systemet er sett opp slik at alle styremedlemmer sjølv kan logge inn, med si personlege e-postadresse som brukarnamn. Dersom du ikkje tidlegare har vore innlogga, finn du ei forklaring til dette her. Når du har logga deg inn, får du tilgang din personlege brukarprofil. Frå menyvalet Vår organisasjon og Organisasjonsprofil får du også tilgang til kontakt- og basisinformasjon om foreininga og oversikt over styret.

Avløysing av styret må gjerast av styreleiar, nestleiar, kasserar eller sekretær, som har utvida tilgang til funksjonar i systemet.

Registrer nye styremedlemmer

Avløyse styret etter årsmøtet

Merk at avløysing skal gjerast etter kvart årsmøte, også dersom det ikkje er endringar i styret. Ver merksam på det er enklast om endringane vert utført av nokon som har same verv som året før. Dersom du fjernar ditt eige verv i avløysingsprosessen, vil du kunne miste tilgangen til å fullføre endringane. Skal du endre verv for deg sjølv, må du først leggje til det nye vervet ditt, før du fjernar det gamle.

1. Logg inn i HyperSys frå https://kunstforeninger.hypersys.no

2. Gå til Vår organisasjon og Organisasjonsprofil i menyen

3. Under Styre og andre organ trykk på blyanten ved styret

4. Du får vala Endre dette organet, Avløs Styret 2018 eller Avslutt dette organet.

5. Tykk på Avløs Styret 2018 (NB! Viktig at du ikkje trykkjer på nokon av dei to andre alternativa!)

6. Gje styret eit namn (t.d. Styret 2019)

7. Legg inn startdato for det nye styret (årsmøtedatoen)

8. Fjern styremedlemmer som har gått ut av styret, eller har fått nytt verv

9. Vel verv frå nedtrekksmenyen, søk opp personar og trykk Legg til

10. Når du har lagt til alle i styret trykk Lagre

 

Står du fast? Kontakt oss på telefon 22 42 20 35 eller post@kunstforeninger.no, så kan vi guide deg gjennom prosessen.