Før jul vert det delt ut 1,4 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige organisasjonar landet over. Norske Kunstforeninger mottek i 2,96 millionar kroner av desse midlane, og pengane vert betalt ut til lokale kunstforeiningar i midten av desember.
I år har 74 lokale kunstlag og kunstforeiningar søkt om momskompensasjon for 2017, og saman med sentralleddet Norske Kunstforeninger får dei totalt 2 962 308 kroner. Det er 372 000 meir enn i fjor, og det største utbetalinga av momskompensasjon Norske Kunstforeninger nokon gong har motteke. For dei lokale kunstforeiningane varierer søknadsgrunnlaget eit del frå år til år, nokre går ned og andre opp. Mesteparten av veksten i år skuldast vesentleg større driftsutgifter hos nokre av kunstforeiningane med tilsette.
– Momskompensasjonsordninga er viktig for dei frivillige organisasjonane slik at dei kan ha fokus på den frivillige aktiviteten. I praksis funger ordninga som ei grunnstøtte for organisasjonane, ettersom dei kan bruke midla fritt og ikkje må rapportere på bruken. Vi har difor foreslått ein vesentleg auke i ordninga i budsjettet for 2019, uttaler kulturminister Trine Skei Grande i ei pressemelding.
Meir pengar tilbake i år
Totalt får over 24 000 frivillige lag og organisasjonar i år utbetalt ein momskompensasjon på 1,4 milliardar kroner. Ordninga med momskompensasjon for frivillige organisasjonar vart etablert i 2010, og har som mål å fremje frivillig aktivitet. Organisasjonane kan søkje om å få kompensert utgiftene til meirverdiavgift på innkjøpte varer og tenester. Sjølv om midlane til ordninga har auka gradvis, er ordninga framleis ikkje fullfinansiert. Det tyder at søknadsbeløpet frå organisasjonane vert avkorta med ein felles prosentsats, som i år er på 25,5 %.
Frå i fjor har potten til momskompensasjon auka med 103,6 millionar kroner, og difor vert avkortinga litt mindre enn i fjor: alle søkjarar får tilbake 74,5 % av søknadsbeløpet, mot 72,8 % året før. Den prosentvise kompensasjonen steig til og med 2014, men har deretter gått nedover, før den i år aukar igjen.
Årsaka til at ein ikkje mottek heile søknadsbeløpet, er at Kulturdepartementet ikkje har auka løyvingane til ordninga i takt med veksten i søkjartal og -beløp. Samanlikna med i fjor deltek no 600 fleire organisasjonar i ordninga, og det godkjente søknadsbeløpet har auka frå 1,8 til 1,9 milliardar kroner. I 2019 er det håp for at avkortinga vert mindre, fordi regjeringa i statsbudsjettet har vedteke å auke løyvingane til ordninga med 184 millionar kroner, til totalt 1,6 milliardar kroner. Men denne auken vil likevel ikkje vere nok til å gje full momskompensasjon med det første.
Overføring før jul
Norske Kunstforeninger søkjer på vegne av dei lokale kunstforeiningane etter forenkla modell. Det tyder at kunstforeiningane ikkje treng å dokumentere dei faktiske momskostnadene, dette vert estimert på bakgrunn av dei totale driftskostnadene. Fordi modellen ikkje er basert på dei reelle momsutgiftene, slår den litt skeivt ut. Det fører til at organisasjonar med tilsette kjem heldigare ut, fordi lønskostnader vert rekna med i søknadsgrunnlaget. Men frå 2019 er det gjort justeringar i utrekningsmodellen, som skal gjere at ein større del av stønaden kjem små foreiningar til gode. Utbetalingane til kunstforeiningane varierer frå nokre få tusen til fleire hundre tusen kroner for kunstforeiningar med tilsette.
Det samla søknadsgrunnlaget for Norske Kunstforeninger og dei 74 lokallaga var på 3 973 691. Med ei avkorting på 25,5 % får Norske Kunstforeninger overført 2 962 308 kroner i momskompensasjon for 2017. Av dette får sentralleddet Norske Kunstforeninger 360 702 kroner, inkludert 1 % administrasjonstilskot, som skal dekkje kostnader til kvalitetssikring av søknadene. Dermed vert 2 601 606 kroner utbetalt til dei lokale kunstforeiningane.
Pengane vert betalt ut til dei lokale kunstforeiningane så snart Norske Kunstforeninger har fått overføringa frå Lotteri- og stiftelsestilsynet, i midten av desember. Tilskotet kan nyttast fritt innan den frivillige verksemda til kunstforeininga, og ein treng ikkje rapportere kva midlane er brukt til. Tildelingslista vil verte sendt ut på e-post til kunstforeiningane, slik at dette kan nyttast som vedlegg til rekneskapen.
Ved spørsmål om momskompensasjon kan de kontakte Hanne Houen på e-post hanne.houen@kunstforeninger.no eller telefon 22 42 20 35.