Dag Solhjell (til høgre) då han var daglege leiar i Norske Kunstforeningers Landsforbund. No er han i ferd med å skrive historia til kunstforeiningane i Noreg.

Historia til kunstforeiningane i Noreg frå 1836 til 2020 skal verte bok. Det er Dag Solhjell, kunstsosiolog og den første daglege leiaren i Norske Kunstforeninger, som står bak bokprosjektet, i samarbeid med Oslo Kunstforening. Norske Kunstforeninger synest det er positivt at det er teke initiativ til at historia til kunstforeiningane vert samla mellom to permar, og har bidrege med prosjektstønad til research-arbeidet.

– For det første finst det inga slik bok frå før, historia til kunstforeiningane er ikkje skrive sett under eitt. Det finst nokre jubileumsbøker, men inga samla framstilling. For det andre har eg jobba med historiske problemstillingar i kunstfeltet tidlegare, mellom anna om norsk kunstpolitikk, derfor ynskjer eg å sjå framveksten av kunstforeiningane i lys av samfunnsutviklinga, utviklinga av det norske kunstlivet og den statlege kunstpolitikken. Eg gjer dette arbeidet berre fordi eg er svært interessert, eg har ikkje økonomisk stønad til skrivinga, fortel Dag Solhjell.

Solhjell håper å vere ferdig med boka neste haust, og har fått på plass ein intensjonsavtale om at Oslo Kunstforening skal gje ut boka.

Vil ha med alle kunstforeiningane

Til boka har Solhjell sett seg føre å registrere alle kunstforeiningane som har eksistert. Så langt har han funne om lag 270, som no er registrert i ei kronologisk liste etter startdato. I arbeidet har han mellom anna nytta jubileumsbøker og presseklipp frå Nasjonalbiblioteket som kjelder.

– Eg prøver å finne opplysingar om alle kunstforeiningane, for nokre er jubileumsbøker ei god kjelde, men også aviser. Aktiviteten til kunstforeiningane vert gjenspegla i pressa. Eg vil ha med opplysingar om alle, anten det vert mykje eller lite, og eg kontaktar difor til kvart enkelt lag direkte, og ber om å få tilsendt materiale, til dømes årsmeldingar, årsrekneskap og vedtekter. Folk har så langt vore utruleg hjelpsame, eg får veldig god hjelp, og det er så mykje interessant å lese. Eg er rett og slett imponert over verksemda!

Dette er ein del av grunnarbeidet som må til, før historia kan skrivast. Solhjell oppsøkjer også arkiva til fleire av dei større kunstforeiningar i arbeidet med boka. I boka vil han dessutan ha med ulike eksempeltilfelle frå dei mindre kunstforeiningane. Her finn han ofte stoff i avisene, som gjerne omtaler originale prosjekt.

– Eg prøver å få med heile breidda. Noko av det mest interessante her korleis kunstforeiningsrørsla spreidde seg over heile landet.

Oslo Kunstforening vart etablert i 1836, som den alle første kunstinstitusjonen i Noreg. I boka håper Solhjell få med breidda i alle kunstforeiningane som finst. Foto: Oslo Kunstforening

Utvikling, praksisar og kontekst

Boka vil fokusere på utviklinga i kunstforeiningane, og vert inndelt i fire delar. Første del skal dekkje åra 1836–1885, andre del 1885–1940, tredje del 1940–1990 og siste del dei siste 30 åra. Solhjell er interessert i fleire aspekt ved utviklinga, både det kunstfaglige, organisatoriske og samfunnsrolla til kunstforeiningane. For å sjå nærare på dette har han delt verksemda til kunstforeiningane inn i tre ulike praksisar: det estetiske, sosiale og organisatoriske.

– Korleis behandlar kunstforeiningane kunst, det er den estetiske praksisen. Kven utfører den estetiske praktisen, det er den sosiale praksisen. Og korleis er kunstforeininga organisert med vedtekter, kunstnarisk råd etc., det er det organisatoriske praksisen.

– Kva vil du seie er dei viktigaste endringane i praksis du har sett i arbeidet så langt?

– Størst tyding i estetisk praksis, var at ein på 1890-talet byrja med separatutstillingar, før dette viste kunstforeiningane berre samanstillingar av enkeltverk frå fleire kunstnarar. Overgangen til å vise separatutstillingar endra radikalt forholdet mellom kunstforeiningane og kunstnarane. I dag kan vi ikkje tenkje oss kunstforeiningar utan separatutstillingar, eller i kunstlivet generelt!

Solhjell peikar også på at kunstforeiningane frå starten hadde ein konservativ kunstsmak, for å ikkje støyte vekk medlemmer, sidan medlemskontingent og lotteri var dei viktigaste inntektskjeldene. Men etter kvart har ein sett at ein del av dei har frigjort seg frå den breie smaken, og Solhjell meiner at denne endringa som regel har vore ein føresetnad for å kunne få offentleg stønad.

Den store endringa i sosial praksis, skjedde då kunstforeiningane gjekk frå å vere lukka klubba på 1800-talet, til å gradvis opne også for publikum som ikkje var medlemmer. Medlemmene gjekk frå å ha privilegium, til ein tanke om å formidle kunst til alle frå 1930-talet, og denne tendensen vart forsterka med dei statlege kulturmeldingane på 1970-talet.

– Men denne opninga mot det breie publikum skjedde gradvis, og var ikkje styrt av spesielle enkelthendingar. Kunstpolitisk vart dette innført på 1970-talet, med kommunale og fylkeskommunale kulturkontor, dette førte til enorm vekst i talet på foreiningar, det vart tredobla i løpet av 20 år. Halvparten av landets kommunar hadde då kunstforeiningar, dette var ei opning mot det folkelege.

Endringane i verksemda ser Solhjell også i samanheng med den konteksten kunstforeiningane verkar i. Viktige faktorar er utviklinga på kunstfeltet generelt, den offentlege kunstpolitikken, og trekk ved samfunnsutviklinga som t.d. at fleire får utdanning, meir fritid og betre personleg økonomi.

På 1970-80-talet kom mange nye kunstforeiningar til, og mange styre vart no dominert av kvinner. Fotoa er henta frå Norske Kunstforeninger sitt arkiv og viser truleg eit kurs i montering av utstillingar.

I dag finst det mange ulike typar kunstforeiningar, men foreiningsforma har dei framleis felles. Her frå årsmøtet til Norske Kunstforeninger i 2018.

Frå éin til ti typar kunstforeiningar

I samband med bokprosjektet har Solhjell allereie vore i arkiva til kunstforeiningane i Tromsø, Bodø og Trondheim. Mange arkiv er diverre ikkje ordna, og han skulle ynskje at kunstforeiningane organiserte arkiva sine, slik at det er mogleg å finne fram.

– Kva type informasjon ser du etter i arkiva?

– Eg ser på den lange historia, og leiter primært etter vedtekter og vedtektsendringar, styreprotokollar, årsmeldingar og årsrekneskap. Eg er no ferdig fram til 1960. På grunnlag av det eg veit no, har eg laga ei inndeling i ti ulike typar kunstforeiningar. På 1880-talet vart alle kunstforeiningane drive på same måte, det var berre ein måte å drive på. Det einaste som skilde, var at nokre bygde opp samlingar, og andre ikkje. Hovudformålet var å kjøpe inn kunst, stille ut verka, og lodde ut til medlemmene. Så byrja etter kvart dette å endre seg, og eg skil mellom ti typar.

Frå ein felles type på 1800-talet, har Solhjell frå 1930-talet og utover funne fram til ti ulike typar kunstforeiningar. Eit døme er kunstforeiningar som i praksis var kunstmuseum; som i Trondheim, Stavanger, Haugesund, Kristiansand og Drammen. Denne kategorien finst rettnok ikkje lenger, fordi alle samlingane vart overdregne til offentlege museum på slutten av 1990-tallet. Det finst nokre kunstforeiningar som er reine amatørklubbar, drive av lokale kunstnarar. Og ein liten kategori foreiningar driv med fleire ulike typar kulturaktivtetar, som litteratur og teater.

– På den eine sida har ein folkelege, lokale kunstforeiningar – den andre ytterlegheita er kunsthallar, som driv innanfor den nye kunsten, er internasjonalt orientert, der medlemmene ikkje styrer, men tilsette kuratorar. Dei fleste foreiningar i dag hamnar i kategorien «små kunstforeiningar med eller utan samlingar». Dei driv meir eller mindre med profesjonelle kunstnarar, men har ikkje heilårleg drift. Det er ei stor spennvidde, og aldri før har det vore så stor skilnad! Foreiningsforma er det dei har felles. Eg prøver å lage ei typologisk oversikt; i kva periodar dei ulike kategoriane er mest typiske, og kva som er aktuelt i dag.

I tillegg vil boka også undersøkje korleis kunstforeiningane har organisert seg i fellesskap, mellom anna i landsforbund, fylkesorganisasjonar og regionale organisasjonar som Se kunst i Nord-Norge.

Haugesund Kunstforening var mellom kunstforeiningane som bygde opp ei stor kunstsamling. Samlinga vart etter kvart plassert i Haugesund Billedgalleri, medan kunstforeininga som motyting får bruke lokala gratis til sine skiftande utstillingar. Foto: Haugesund Billedgalleri.

Framtida for kunstforeiningane

Talet på kunstforeiningar nådde ein topp rundt år 2000, medan det sidan har gått nedover. Solhjell synest det verkar som det frivillige formidlingsarbeidet er i ei nedgangstid, og at dei kunstfagleg mest vellukka foreiningane ser ut til å vere dei der medlemmene har liten påverknad på praksisen. Han meiner ein må stille seg spørsmålet om tida har sprunge frå kunstforeiningane utan tilsette.

– Eg er nok pessimistisk når det gjeld den frivillige innsatsen. I Nord-Norge er det til dømes nesten ikkje kunstforeiningar igjen. Ein del av dei som forsvann viste i fleire år primært vandreutstillingar, som var skapt sentralt, der kunstforeininga ikkje sjølv bestemde den estetiske praksisen. Er trur det er årsaka til at ein del har lagt ned, for kven gidd vel å drive kunstforeining når andre bestemmer alt? Då er det nok lettare å drive på eigen måte, det er meir takknemleg å drive med lokal kunst, anten den no er profesjonell eller amatør, avsluttar Solhjell.